Vadheim er ei idyllisk fjordbygd med mykje å by på. Høyanger kommune har satsa tungt på tettstadutvikling og fleire nye service og fritidstilbod har dukka opp i bygda dei siste åra. I tillegg har sentrum fått seg eit ansiktsløft med mellom anna fjordsti og fjorpark. Vadheim er kjent for sitt sterke lag- og organisasjonsliv, og innbyggjarane kallar seg stolt «Vaiming». Her er det hjarterom og husrom til fleire.
Bli ein stolt “Vaiming” du og da vel!?
Tomteinformasjon
På nedre Hovland i Vadheim tilbyr kommunen 5 flotte bustadtomter heilt i sjøkanten. Tomtene er omlag 800 m² og har har ein rettleiande pris mellom 230 000- 320 000 kr.
Her er ført fram veg, vatn og avlaup, fiber og tilrettelagt for trekking av straum. Her kan du bygge drømmehuset ditt med vakker utsikt mot fjorden og fjella rundt. Sentrum er berre eit steinkast unna.
Det føreligg ein opsjonsavtale om kjøp av tomt 4 og 5 i bustadfeltet på nedre Hovland. Opsjonen har ein varigheit til 01.06.2025. Fram til denne datoen har Norsk Eiendomspartner eksklusiv opsjon på kjøp av tomtene. Sjå Finn annonse her.
Ver merksam på at det i tillegg til kjøpesum kjem gebyr i samband med tinglysningsprosessen som omfattar dokumentavgift (2,5 % av kjøpesum) og tinglysningsgebyr.
Tomtene er ikkje oppmålt og ein må rekne med kostnadar knytt til dette.
Høyanger kommune
Sentrum og fasilitetar
I Vadheim sentrum finn du fleire spanande tilbod. Her er kafe med uteservering, hotell, nærbutikk, ølbryggeri med pub. Du kan også leige båt og utforske den vakre fjorden. I tillegg ligg det eit parkanlegg og sandbadestrand for dei som vil nyte sommardagane ved sjøen.
Avstandar og pendlemoglegheiter
Vadheim er svært sentralt plassert:
- 24 km unna kommunesenteret Høyanger.
- 26 km til næraste flyplass Bringeland.
- 16 km til hurtigbåtkai på Nordeide og 25 km til hurtigbåtkai i Lavik.
- 35 km til regionbyen Førde.
- Vadheim er eit kollektivknutepunkt med svært gode bussforbindelsar. Frå Vadheim tek du deg til Bergen på ca 2, 5 timar med bil, buss, eller hurtigbåt.
Vadheim er ein ideell stad for deg som vil bu i eit roleg miljø, samtidig som du har nær tilgang til større byar og tettstadar med kulturtilbod, utdanning- jobbmoglegheiter.
Aktivitetar i Vadheim og ellers i kommunen:
Vadheim har eit aktivt og inkluderande lokalmiljø med mange lag og organisasjonar som tilbyr varierte aktivitetar heile året. Oppdatert informasjon om lokale tilbod og aktiviteter finn du på Friskus. I tettstaden har ein også BUA utstyrsentral som er proppfull av sport og friluftsutstyr.
For meir informasjon om kvifor Vadheim kan vere den perfekte staden for deg, sjå denne lenkja.
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon, eller bli med på ei uforpliktande visning! Her får du sjansen til å utforske tomtene, stille spørsmål, og bli kjend med området!
Ta kontakt
Ta kontakt med oss for meir informasjon, eller bli med på ei uforpliktande visning! Her får du moglegheita til å utforske tomtene, stille spørsmål og bli betre kjend med området.
Relevante lenker:
Reguleringsplan og føresegner
Husbanken
Startlån til bustad