Søreide

Søreide ligg ved inngangen til det fantastiske landskapet som omfattar Østerbøvatnet og Sørebødalen naturreservat. Søreide er saman med nabogrenda Bjordal eit område med mykje utvikling og aktivitet innafor både næringsliv og fritidsaktivitetar. Her fin du imøtekommande og engasjerte folk som gjerne inviterer til eit julebad, om det skulle freiste. Bli ein del av denne tradisjonen og ta sjansen på å realisere bustaddraumen på Søreide.

Tomteinformasjon 

Det er 4 einebustadtomter på Søreide, idyllisk plasserte ved fjorden mellom eksisterande bustader, naust og molo. Tomtene er mellom 800–1200 m² og har ei prisantydning på 400 000 kr.  Tilrettelagt med veg, vatn og avlaup.

Ver merksam på at det i tillegg til kjøpesum kjem gebyr i samband med tinglysningsprosessen som omfattar dokumentavgift (2,5 % av kjøpesum) og tinglysningsgebyr. 
Tomtene er ikkje oppmålt og ein må rekne med kostnadar knytt til dette. 

 

Avstandar og pendlemoglegheiter

  • 4, 5 km til næraste matbutikk og 6 km til skule og barnehage
  • 41 km unna kommunesenteret Høyanger via Ortnevik Kai. 
  • 93 km til næraste flyplass Bringeland og 137 km til Flesland. 
  • 42 km til hurtigbåtkai i Lavik og 32 km til hurtigbåtkai i Nordeide. 
  • 102 km til regionbyen Førde og 120 km til Bergen. 

Aktivitetar på Sørsida og ellers i kommunen: 

Oppdatert informasjon om lokale aktiviteter finn du på Friskus og Det skjer på Høyanger Sørside/ Facebook . 
 

Ta kontakt

Ta kontakt med oss for meir informasjon, eller bli med på ei uforpliktande visning! Her får du moglegheita til å utforske tomtene, stille spørsmål og bli betre kjend med området.

Relevante lenker:

Reguleringsplan og føresegner

Husbanken

Startlån til bustad

Det skjer på Høyanger Sørside/ Facebook 

Sørsida utvikling

Synne Vefring
Leiar tenesteeining plan og forvaltning
E-post
Telefon 57 71 15 47
Mobil 97 56 12 55