Lavik er ferjestaden som «aldri» søv, og tettstaden er ein inngangsporten til nordsida av Høyanger kommune når du kjem i land med ferja. I Lavik kan du nyte varme sommardagar langs idylliske strender i eit velhalde kulturhistorisk parkområde, eller ta turen til fjells på ein av dei mange flotte toppane i nærområdet. I bygda møter du folk med stor drivkraft som ønsker å få ting til å skje. Og her er det sjølvsagt plass til fleire. Ta sjansen på Lavik du og!
Tomteinformasjon
I Lavik har kommunen byggjeklare tomter med kort avstand til sentrum, med utsikt til fjord og fjell. Tomtene varierer i storleik mellom 750 m² og 1000 m². Prisantydning varierer fra 250 000- 330 000 kr, ta kontakt for meir informasjon.
Bustadfeltet er tilrettelagt med veg, vatn, avlaup, og klargjort for straumtilkopling.
Ver merksam på at det i tillegg til kjøpesum kjem gebyr i samband med tinglysingsprosessen, som omfattar dokumentavgift (2,5 % av kjøpesum) og tinglysingsgebyr.
Tomtene er ikkje oppmålt, og det vil vere tilleggskostnadar knytt til dette.
Sentrum og fasilitetar
I Lavik sentrum finn du blant anna Lavik Fjordhotell, Lavik Kro, daglegvarebutikk, klesbutikk, bibliotek, og helsetun.
Aktivitetar og lokalmiljø
Lavik er eit aktivt lokalsamfunn med mange lag og organisasjonar som tilbyr ulike aktivitetar for unge og og eldre gjennom heile året. Her finn du mellom anna idrettslag, skulekorps, og frilufts- og nærmiljøgrupper.
Friskus gir deg informasjon om lag- og organisasjonar og om kva som skjer i lokalmiljøet.
Avstandar
- 49 km til kommunesenteret Høyanger
- 50 km til næraste flyplass Bringeland
- Eit steinkast unna sentrum, skule, ligg hurtigbåtkai og ferjesambandet Lavik-Oppedal
- 60 km til regionbyen Førde og du tek deg til Bergen på under to timar (116 km)
Med hyppige avgangar på ferje, hurtigbåt og buss, er Lavik eit knutepunkt som knyter deg til nærliggande byar og tettstadar med kultur, utdanning og servicetilbod. Lavik er ein naturleg stoppestad for dei som reiser gjennom Vestlandet, anten ein skal vidare nordover, inn i Sogn, eller vestover til Bergen.
Ta kontakt
Er du interessert i å flytte til Lavik og bygge draumehuset?
Ta kontakt med oss for meir informasjon, eller bli med på ei uforpliktande visning! Her får du moglegheita til å utforske tomtene, stille spørsmål og bli betre kjend med området.
Relevante lenker:
Reguleringsplan og føresegner
Husbanken
Startlån til bustad