Kyrkjebø

På Kyrkjebø er fjorden vid og open, omkransa av fjell og med eksepsjonelt gode soltilhøve. Det er ikkje utan grunn at bygda vert kalla "Solkysten." Her får du postkortmotiv inn stoveglaset heile året og det er noko heilt spesielt med å bu ein stad der alle helsar på kvarandre. 
Vi har tomter klare for deg som vil byggje og bu – kanskje er det akkurat her du finn heimen din?

 


Tomteinformasjon 

I Trondvikfeltet på Kyrkjebø tilbyr kommunen 10 tomter med fantastisk utsikt over Sognefjorden. Tomtene har ein storleik på ca. 800-1200 m2, prisantydning mellom 195 000-306 000 kr.  Dette er eit etablert bustadfelt kor alt av teknisk infrastruktur som veg, vatn og avlaup ligg klart.  Frå Trondvikfeltet er det ca. 1.5 km til sentrumsområdet på Kyrkjebø kor du finn blant anna matbutikk, skule og barnehage. Det er gangveg heile vegen i frå feltet langs fv. 55. 

Ver merksam på at det i tillegg til kjøpesum kjem gebyr i samband med tinglysningsprosessen som omfattar dokumentavgift (2,5 % av kjøpesum) og tinglysningsgebyr.  

Tomtene i Trondvikfeltet er stort sett oppmålt. For tomter som ikkje er oppmålt må ein rekne med ekstra kostnadar knytt til dette.

 


Sentrum og fasilitetar 

Nærbutikken er et naturlig samlingspunkt kor ein kan møtas over ein uformell kaffi eller på ein av pub-kveldane som også arrangerast her. I dette bygget ligg også frisørsalong. I sentrumsområdet finn ein i tilknyting til skulen både gymsal, hundebane og eit lite idrettsanlegg med fotballbane.Det er merka mange turløyper i område, både enkle og meir utfordrande toppturar.  Frå nærbutikken kan du mellom anna nå den fantastiske utsikta på Stupet på berre 30-45 minutt.

 Kyrkjebø kan i tillegg skilte med ein av dei flottaste og mest tilrettelagde strendene i kommunen. Her finn du gode  bade moglegheiter, stupebrett,  WC og dusj.  

Avstandar og pendlemoglegheiter

Kyrkjebø ligg om lag midt i mellom knutepunktet Vadheim og kommunesenteret Høyanger.  

  • 10 km til kommunesenteret Høyanger
  • 2 km til hurtigbåtkai på Nordeide – ca. 3 timar med hurtigbåt til Bergen
  • 40 km til næraste flyplass Bringeland.
  • 49 km til regionbyen Førde
  • 14 km til trafikknutepunktet Vadheim. Frå Vadheim tek du deg til Bergen på ca 2.5 timar med buss.  

 

Trondvikfeltet er ein ideell stad for deg som vil bu i eit roleg og etablert bustadfelt med fantastisk utsikt og rask tilgang til skog og fjell.  


Aktivitetar på Kyrkjebø og ellers i kommunen: 

Kyrkjebø har eit aktivt og inkluderande lokalmiljø med mange lag og organisasjonar.  Skulen og nærmiljøanlegget fungerer som eit samlingspunkt med aktivitetar for både små og store gjennom heile året. Oppdatert informasjon om lokale tilbod og aktiviteter finn du på Friskus. 

Ta kontakt

Ta kontakt med oss for meir informasjon, eller bli med på ei uforpliktande visning! Her får du moglegheita til å utforske tomtene, stille spørsmål og bli betre kjend med området.

Relevante lenker:

Reguleringsplan for bustadfelt aust for Tronvik

Reguleringsplan Tronvik I

Reguleringsplan for Tronvik II

Husbanken

Startlån til bustad

Synne Vefring
Leiar tenesteeining plan og forvaltning
E-post
Telefon 57 71 15 47
Mobil 97 56 12 55