Ikjefjorden er bygda på Sørsida av Sognefjorden der sommarsola aldri går ned. Her kan du bolte deg i landlege omgjevnadar samtidig som du berre er ein halvanna times køyretur unna storbyen Bergen. Bygda har eit aktivt grendelag og er ein god stad å bu med mange moglegheiter når det gjeld jobb, trivsel og fritidsaktivitetar. Ta sjansen da vel! Bli ein av dei omlag 80 fastbuande innerst i denne fredeleg fjordarmen til Sognefjorden.
Tomteinformasjon
Det er regulert 5 einebustadtomter i Ikjefjorden, desse ligg idyllisk plassert tett ved fjorden mellom eksisterande bustader, naust og småbåthamn. Tomtene er mellom 1000 - 1500 m² og har har ein ei prisantydning på 320 000 kr.
Tomt 1 og 2 er byggeklare.
Ver merksam på at det i tillegg til kjøpesum kjem gebyr i samband med tinglysningsprosessen som omfattar dokumentavgift (2,5 % av kjøpesum) og tinglysningsgebyr.
Tomtene er ikkje oppmålt, ein må rekne med kostnadar knytt til dette.
Avstandar og pendlemoglegheiter
- 25 km til skule og barnehage.
- 62 km unna kommunesenteret Høyanger via Oppedal.
- 64 km til næraste flyplass Bringeland og 130 km til Flesland.
- Det er 25 km til trafikknutepunktet Lavik, der du finn gode transportmoglegheiter med buss, ferje og ekspressbåt.
- 73 km til regionbyen Førde og 110 km til Bergen.
- 8 km til Oppedal/E39 der det er mange daglege ekspressbussavgangar.
Aktivitetar på Sørsida og ellers i kommunen:
Oppdatert informasjon om lokale aktiviteter finn du på Friskus og Det skjer på Høyanger Sørside/ Facebook .
Ta kontakt
Ta kontakt med oss for meir informasjon, eller bli med på ei uforpliktande visning! Her får du moglegheita til å utforske tomtene, stille spørsmål og bli betre kjend med området.
Relevante lenker:
Reguleringsplan og føresegner
Husbanken
Startlån til bustad
Ikjefjord, ein god stad å bu
Det skjer på Høyanger Sørside/ Facebook
Ikjefjord- Instagram
Ikjefjord Facebook
Sørsida utvikling