Høyanger tettstad

 Industribygda der historia og menneska er levande, og framtida er i utvikling.
Frå å vere ei landbruksbygd voks Høyanger raskt til ei industribygd på starten av 1900-talet og har sidan då vore eit kraftsenter i regionen. Bygda har ei unik arkitekturhistorie, sterke musikk- og kulturtradisjonar, og eit samhald som gjerne kjem til uttrykk gjennom innbyggjarane sine mange kreative kallenamn.

I dag er tettstaden og kommunen i ein omstillingsfase, med eit næringsliv som spenner frå akvakultur og landbruk til industri og grøne satsingar. 
Tettstaden har moderne anlegg for både sommar- og vinteraktivitet.  Her finn du alt du treng innan kort radius for både jobb og fritid!

Tomteinformasjon

Høyanger kommune har to ledige tomter i tettstaden:


Øvre Dale bustadfelt

Tomta ligg fint til i det familievenlege Øvre Dale bustadfelt, omgjeven av fjell og med utsyn mot dalen, kraftlandskapet og dei ikoniske trappene. 
 Tomtestorleiken er på 821 m², med tilrettelagt infrastruktur, inkludert veg, vatn og avløp. Tomta er tilgjengeleg til ein svært gunstig pris på 161 199 kr, ferdig oppmålt. 

Einar Ramsligate på Sæbø

Sjeldan moglegheit! Det er mange år sidan det har vore ledig tomt i Høyanger sentrum. 
Storleik på tomt på sæbø er 731.3 m², ferdig oppmålt.  Pris er 200 000 kr. 
*Det føreligg opsjonsavtale på denne tomta som utgår i september 2025. 

Merk at dokumentavgift (2,5 % av kjøpesum) og tinglysningsgebyr kjem i tillegg. 

Aktivitetar i tettstaden :

Høyanger har eit aktivt og inkluderande lokalmiljø med mange lag og organisasjonar som tilbyr varierte aktivitetar heile året. Oppdatert informasjon om lokale tilbod finn du på Friskus. I tettstaden har ein også BUA utstyrsentral som er proppfull av sport og friluftsutstyr. 
For meir informasjon om kvifor Høyanger kan vere den perfekte staden for deg, sjå denne lenkja.

Avstandar og pendlemoglegheiter

  •  8 km til hurtigbåtkai på Nordeide.  3 timer med hurtigbåt, buss eller bil til Bergen. 
  • 50 km næraste flyplass Bringeland.
  • 59 km til regionbyen Førde.
  • 24 km til trafikknutepunktet Vadheim. 
     

Ta kontakt

Ta kontakt med oss for meir informasjon, eller bli med på ei uforpliktande visning! Her får du moglegheita til å utforske tomtene, stille spørsmål og bli betre kjend med området.

 

 

Relevante lenker:

Øvre Dale 

Sæbø(KPA) 

Husbanken

Startlån til bustad

Synne Vefring
Leiar tenesteeining plan og forvaltning
E-post
Telefon 57 71 15 47
Mobil 97 56 12 55