Varsel om ekstremvêr - fare for flaum og jord- og flaumskred

Det er venta store mengder nedbør over Vestland frå natt til torsdag, og det kan føre til overfløyming, flaum og skred. Vi oppmodar alle om å halde seg oppdatert for varselet i Høyanger kommune på www.varsom.no. 

Som følgje av stor mengder nedbør kan det bli stor vassføring i elver og bekkar. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand, fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar  eller flaum, eller bekkar/elver kan ta nye løp.

Folk vert oppmoda om å følgje med på kritiske/sårbare punkt og infrastruktur som ein ut frå tidlegare erfaring har sett er utsett ved den type vêr/naturhendingar som er varsla, og gjer eventuelle førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renne fritt i det naturlege løpet.  Det kan t.d. vere å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar.

Statens Vegvesen og fylkeskommunen vil kome med fortløpande informasjon om status på vegnettet. Oppdatert informasjon er å finne på www.vegvesen.no

 

Kontaktinformasjon i Høyanger kommune:

Overordna vakt: 992 19 400
Teknisk vakt: 992 19 401