Tilgangsbevis på miljøstasjonane

Mibiltelefon med miljøIDapp - Klikk for stort bilete

SIMAS har innført tilgangsbevis for å levere avfall på miljøstasjonane. Dette gir redusert pris på avfallet du leverer.

Tilgangsbeviset får du ved å laste ned appen MiljøID på telefonen, eller ved å nytte fysisk kort som du kan bestille hjå SIMAS. 

Her finn du meir utfyllande informasjon.  (PDF, 410 kB)

Kommunale bustader vert rekna som privat hushald og frå 01.01.2023 innførte vi gratiskvote på levering av avfall for private. Dette betyr at ein kan levere inntil 3m3 gratis per hushald. 

Gratiskvota gjeld kun for dei som betalar renovasjonsgebyr (privat hushald). Dette betyr at næringskundar t.d. teknisk drift, barnehagar, skular og omsorgssenter må betale næringspris slik som tidlegare.