Status - Kyrkjebø vassverk

Etter den oppdaterte informasjon frå FHI er det gjennomført ei ny vurdering av formålet med å tilby helseundersøkingar til barn som har vore  eksponert for aluminium. 

FHI vurderer at eksponeringa framleis ligg  innanfor etablerte sikkerheitsmarginar. Samstundes  understrekar instituttet at det på noverande tidspunkt ikkje er mogleg å fastslå korleis eventuelle seineffektar eller symptom  knytt til aluminiumseksponering konkret ville kome til uttrykk.

På bakgrunn av dette blir det vurdert som uhensiktsmessig å gjennomføre generelle helseundersøkingar av barn. Det finnast ingen spesifikke testar som kan nyttast til undersøkinga, og ingen spesielle symptom vi kan leite etter.

Ei slik undersøking  vil heller ikkje ha nokon direkte behandlingsmessige konsekvensar, da det med dagens kunnskapsgrunnlag ikkje er mogleg å avgjere om eventuelle funn eller symptom skuldast aluminiumseksponeringa eller andre forhold.

Dersom det skulle komme fram symptom hos eit barn gjennom ei helseundersøking, ville desse uansett måtte vurderast  og behandlast på same måte som ved andre  medisinske utgreiingar, basert på det aktuelle symptombiletet. Undersøkinga  ville difor ikkje gje eit grunnlag for særskilt oppfølging knytt til aluminiumseksponering.

Det blir og sett på som viktig å unngå å utsette barn, særleg  dei yngste aldersgruppene, for medisinske undersøkingar utan eit klart fagleg formål. På same tid  kan  slike undersøkingar  skape falsk tryggleik hjå foreldre, ved at dei gir inntrykk av at ein veit kva teikn eller tilstandar ein skal leite etter, medan det i realiteten ikkje finst fagleg  grunnlag for dette.

På  bakgrunn av dette blir det ikkje tilrådd å gjennomføre generelle helseundersøkingar av barn som har vore utsette for aluminium i den aktuelle situasjonen.

Høyanger kommune har forståing for at situasjon har skapt uro og usikkerheit hjå innbyggjarane. Vår kommunepsykolog er tilgjengeleg dersom nokon ynskjer det.

Kva skjer vidare med drikkevatnet

Kommunen får ekstern bistand i arbeidet med å få eit reint og trygt drikkevatn på Kyrkjebø.  Kommunen kan ikkje på noverande tidspunkt sei noko om når drikkevatnet på Kyrkjebø vert friskmeldt. Dagens ordning med naudvatn forsett fram til drikkevatnet er trygt.

På folkemøtet kom det fram at det var behov for fleire stasjonar der ein kan hente vatn. Dette arbeidet vert igangsett omgåande.

Samstundes vert det arbeid med å etablere ei tidslinje for perioden 2011 – 2026. Dette er eit omfattande arbeid der vi, ilag med ekstern hjelp, går gjennom alt av:

  • Dokument inkl. planverk
  • Rapportar
  • Målingar, analysar
  • Avvik
  • Utførte/ikkje utførte tiltak
  • Kommunikasjon i alle kanalar


Som opplyst på møtet ynskjer kommunen framleis at spørsmål vert sendt til postmottak@hoyanger.kommune.no

Alle spørsmål vi bli svart ut, men det kan ta noko tid.

Høyanger kommune takkar for godt frammøtte på folkemøtet!