Pressemelding - Kyrkjebø vassverk

Vi har følgande pressemelding, datert 22.06.2026: 

bilete av nokon som skjenker seg eit glas med vatn frå springen - Klikk for stort bilete Illustrasjon av Høyanger kommune

Høyanger kommune har no gjennomgått vassprøvar av aluminiumsnivået i vatnet ved Kyrkjebø vassverk tilbake til 2004. I perioden 2011 til 2026 viser vassprøvane for høge gjennomsnittsverdiar. Det er og enkeltprøvar med for høge verdiar i perioden 2006-2011, og for året 2006 er gjennomsnittsverdien for høg.


Høyanger kommune vil innhente ekstern kompetanse for å sortere alle tilgjengelege analysedata for heile perioden. I denne samanhengen vil ein og gå igjennom data frå dei andre vassverka i kommunen.  


Resultata frå vassprøvane er oversendt FHI, som tilrår å gjennomføre helsekontrollar for å avdekke eventuelle nevrologiske utfall hjå barn som har drukke vatnet på Kyrkjebø.


FHI seier vidare at den mest sårbare gruppa er barn i alderen 0–3 år, som har vore eksponert for vatnet over tid.  Alle barn som har vore fastbuande på Kyrkjebø i perioden frå 2021 og fram til i dag, og som i denne perioden var mellom 0 og 3 år gamle, vert innkalla til helseundersøking til hausten og ny kontroll neste vår. 


Barn over 3 år med symptom vil bli følgt opp med helseundersøking.  


Høyanger kommune vil informere innbyggjarane fortløpande når meir informasjon ligg føre.
 

Petter Sortland
Ordførar
Telefon 57 71 15 52
Arnvid Hovland
Personalsjef og ass. kommunedirektør
Telefon 57 71 15 15