Opnar utfartsveg til Stordalen før påske
Fredag 11. april kl 09:00 opnar fylkeskommunen fv 5442 mellom Matre og Bjordal, grunna lite snø i området.
Frå fv 5442 Stordalsvegen
Egil førde/Vestland fylkeskommune
– Dette er mogleg i år då det er uvanleg lite snø på vegen. Når det også er sein påske klarer vi å opne for trafikk før helga, seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Vanlegvis vinterstengt til 1. mai
Fv. 5442 Stordalsvegen/Fjordsvegen i Høyanger kommune er vinterstengt, og blir vanlegvis brøyta og opna til 1. mai. No seier også langtidsvarselet at det ikkje kjem store mengder snø i vegen, framover, og at opning er mogleg. Fylkesvegen fører til store hytteområde, og gir tilgang til eit turterreng rundt Nystølen med toppar opp mot 1000 m.o.h der det enno kan vere skiføre. Det er bommane ved Krokevasselva bru og Hestfossen som no blir opna fredag 11. april kl. 09.00.
Sjå 175/vegtrafikksentralen for vegmeldingar.
Publisert 09.04.2025 11.43
Sist endra 09.04.2025 11.43