Slik blir du med:
1. Last ned Trimpoeng-appen på din iPhone eller Android telefon.
2. Registrer deg.
3. Logg inn og velg konkurransen Trimpoeng Høyanger. No får du oversikt over alle turmåla i kartet.
4. Du kan delta aleine eller registrere eit lag med inntil 5 personar. Om du deltek på eit lag, vil både laget og kvar einskild person sin poengsum bli vist i resultatoversikta.
Du kan laste ned appen og melde deg på i dag, men turmåla er ikkje aktive før 1. mai.
Deltaking er gratis for HKBIL medlemmar og born under 18 år. For andre er kostar det 50,- å vere med.
Korleis sjekkar du inn på turmålet?
Du finn turmåla i appen og «sjekkar inn» når du kjem fram. Om innsjekkinga er vellukka, får du ei tilbakemelding. Du vil til ei kvar tid ha oversikt over kva turmål du har sjekka inn på og kor mange poeng du har. Dette finn du under «Min aktivitetslogg» i appen.
Får du ikkje sjekka inn?
- Sørg for å ha siste versjon av appen
- Hugs å aktivere stadtenester/GPS-posisjon på mobilen din før du startar turen. Dersom du skal til eit område med dårleg mobildekning, kan det vere lurt å klikke inn på turmålet før turen startar.
- Hugs at du må melde deg på konkurransen for 2024.
Del bilete frå turen din
#Trimpoenghoyangerkommune
Bianca Ullebø
Del gjerne tur-bileta dine på Instagram ved å merke dei med #Trimpoenghoyangerkommune og #trimpoeng Premiering for beste bilete!
Samarbeid med tur og idrettslag
Vi har mange tur- og idrettslag i kommunen som held lokale turkonkurransar. Vi har fått mange gode turforslag frå idrettslag, tur- og grendelag som har turpostar og merka som merkar stiar rundt om i kommunen:
- Lavik IL
- Vadheim IL
- Kyrkjebø IL
- Balestrand og Høyanger Turlag
- Nesse grendelag
- Ortnevik grendelag
- Bjordal og Søride IL
- Ikjefjord IL
Hugs å skriv deg inn i turbøkene når du er på tur.
Treng du hjelp eller har spørsmål?
Ta kontakt med HKBIL ved;
Einar Taule på tlf: 977 17 927, e-post einar.taule.øyehaug@hoyanger.kommune.no, eller
Kine Larsen Lægreid på tlf: 451 42 074 , e-post til kine.larsen.laegreid@hoyanger.kommune.no.
Få full oversikt på konkurransesidene her.
Arrangert av Høyanger kommune Bedriftsidrettsidrettslag.