Høyring og offentleg ettersyn av søknad frå Osland Settefisk as om biomasseutviding og endring av anlegg på lokalitet Sørebø

Søknad frå Osland Settefisk as om biomasseutviding og endring av anlegg på lokalitet Sørebø lagt ut på høyring.

Høyringsperioden er 09 .januar– 17.februar 2025.

Kopp med slam og tørka gjødsel - Klikk for stort bileteTørka slam blir vidareformidla til gjødsel. Osland Settefisk

Kort om planen

Osland Settefisk AS søker om utvida produksjon på lokalitet Sørebø for produksjon av settefisk av laks, aure og regnbogeaure i Høyanger kommune. 
Den opphavelege søknaden hadde utslepp til Østrebøvatnet, dette gav Statsforvaltaren avslag på. Søknaden er no endra til utslepp i Eidesfjorden med utsleppsledning gjennom Østrebøvatnet. Søknaden må difor på ny høyring i kommunen, før ny handsaming hjå sektormynde.
Søknaden med dokumentasjon vert lagt ut til offentleg gjennomsyn i 4 veker. Innbyggarar og interesseorganisasjonar kan gje uttale til søknaden.

Sjå viktige dokument i saka

Sjå dokument i saka her

Sei di meining di 

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 17.02.2025

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på kommunen si nettside, med mindre dei inneheld sensitive data. Alle innkomne merknader vert samla av kommunen og sendt over til Vestland fylkeskommune for vidare handsaming. 

Slik sender du innspel

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 25/40

Har du spørsmål?

Kontakt Kjetil Rørtveit ved Osland Settefisk AS; kjetil@osland.no tlf.: 416 84 036 

Synne Vefring
Leiar tenesteeining plan og forvaltning
E-post
Telefon 57 71 15 47
Mobil 97 56 12 55
Kine Larsen Lægreid
Planleggar
E-post
Telefon 57 71 15 87
Mobil 45 14 20 74