Jobbsenter NAV Høyanger er stengt i morgon 12. november

Jobbsenteret ved NAV Høyanger held stengt tirsdag 12.11.2024, grunna kurs.  Du kan nå oss ved å logge deg på ditt NAV, skrive til oss eller ringe NAV kontaktsenter telefon 55 55 33 33.

Varsel om ekstremvêr - fare for flaum og jord- og flaumskred

Det er venta store mengder nedbør over Vestland frå natt til torsdag, og det kan føre til overfløyming, flaum og skred. Vi oppmodar alle om å halde seg oppdatert for varselet i Høyanger kommune på www.varsom.no.  

Grunna dårleg vêr vert budsjettmøte og kommunestyremøte gjennomført digitalt

Grunna dårleg vêr vert framlegg til budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 og kommunestyremøte gjennomført digitalt, dermed utgår streaming av møtet i sann tid.    

Opning av nye Dalevegen

Fredag 1. november kl. 11.30  opnar nye Dalevegen. Her får du informasjon om nytt køyremønster og om opninga.

Tilbod om sorggruppe

Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein nærståande, og er ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre i liknande situasjon. Gruppa vert leiar av to fagpersonar. 

Høyangerbadet vert midlertidig stengt frå måndag 28.10.24

Høyangerbadet vert stengt frå måndag 28.10.24 og om lag 6 veker framover, grunna utskifting av ventilasjonsaggregat.  

Eigenberedskapsveka 2024 – god eigenberedskap er viktig!

Eigenberedskapsveka 2024 vert arrangert i veke 44, frå 28. oktober.  I mai lanserte DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) oppdaterte råd om eigenberedskap. Råda er publisert på nettsida sikkerhverdag.no

NRK TV-aksjonen 2024 Barnekreftforeningen

I Høyanger kommune vart det samla inn totalt kr 437 026 i årets TV-aksjon. Dette er ny rekord! 

Bli bøssebærar for TV-aksjonen til Barnekreftforeningen

I år går TV-aksjonen til Barnekreftforeningen og etablering av familiehus. Her kan born og familiane deira bu saman medan borna får kreftbehandling.  Søndag 20. oktober går vi saman for små heltar. Vi treng bøssebærarar i heile Høyanger kommune. Trykk på lenka og meld deg for å bidra.  

Premiering Trimpoeng Høyanger kommune 2024

Konkurransen starta 01. mai og vart avslutta ved midnatt den 30. september.  174 personar har lasta ned og brukt appen og det er gjort heile 9327 innsjekkingar på ulike turmål. God oppslutnad også i årets konkurranse!

Kine Larsen Lægreid
Planleggar
E-post
Telefon 57 71 15 87
Mobil 45 14 20 74
Rønnaug Meek
Dagleg leiar for Høyanger Frivilligsentral/Høyanger kommune
E-post
Telefon 57 71 16 58
Mobil 99 32 13 22