Sjukeheimsplass i Høyanger kommune

Høyanger kommune har to sjukeheimar. Kyrkjebø sjukeheim har tilbod om langtidsplass. Høyanger sjukeheim har tilbod om langtidsplass, korttidsplass og avlastning. Høyanger helsesenter, Lavik helsesenter og Sørsida bygdetun har alle ein korttidsplass kvar.

Kven kan få sjukeheimsplass?

  • Langtidsopphald vert tildelt personar som har eit omfattande behov for hjelp heile døgnet, der dette ikkje kan dekkast på eit forsvarleg nivå i eigen heim.
  • Andre relevante tenester skal vera utprøvd i eigen heim før ein får langtidsopphald.
  • Korttidsplass er for deg som har behov for opptrening/rehabilitering, kartlegging av hjelpebehov, utredning eller palliasjon. Korttidsplass vert tildelt ved dei ulike helsesentra i Lavik, Søreide og Høyanger, i tillegg til Høyanger sjukeheim.
  • Avlastningsplass er til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Slik søker du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om sjukeheimsplass: 

Søk om helse- og omsorgstenester - elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester - papirskjema

Send søknad til:

Høyanger kommune
Tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknader blir handsama fortløpande.

Ulike butilbod

  1. Langtidsplass for demente er eit døgnkontinuerleg butilbod for personar med demensdiagnose som ikkje kan bu i eigen bustad. Personalet har spesiell kompetanse om behandling og pleie av personar med demens.
  2. Langtidsplass er butilbod for deg som ikkje kan bu i eigen bustad og som har behov for pleie og omsorg heile døgnet.
  3. Korttidsplass er til deg som treng eit kort opphald i sjukeheim
  4. Rehabiliteringsplass er til deg som på grunn av sjukdom eller skade treng trening. Personalet har spesialkompetanse innan rehabilitering.

Kva kostar det?

Langtidsplass: pris er rekna ut etter inntekt. Du betaler 75 % av grunnbeløpet og 85 % av tilleggspensjon og renteinntekter. Skatt vert trekt frå.

Korleis blir søknaden handsama og kor lang tid tek det?

  • Det er tiltaksteamet som handsamar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk, der dei kartlegg hjelpebehovet ditt.  
  • Dei handsamar søknaden og du vil få tilsendt eit vedtak. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om årsaka.

Har du spørsmål, ta kontakt med

Ring Tiltaksteamet ved leiar på mobil 992 19 305 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden.

Ring sjukeheimen om du har andre spørsmål

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.

Besøksadresse til sjukeheimane

  • Høyanger sjukeheim, Storgata 8, 6993 Høyanger
  • Kyrkjebø sjukeheim, Sageelvvegen 2, 6995 Kyrkjebø

Postadresse til sjukeheimane

  • Høyanger sjukeheim, postboks 159, 6991 Høyanger
  • Kyrkjebø sjukeheim, postboks 159, 6991 Høyanger

Aktuelle lover og forskrifter

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Forskrift om eigendel for helse- og omsorgstenester

Oddny Marie Sørestrand
Einingsleiar for institusjonstenesta
E-post
Mobil 99 21 93 61