Ergoterapi

Har du nedsett eller redusert funksjon som påverker korleis du meistrar daglege aktivitetar eller gjeremål i kvardagen din, kan ergoterapi være ei hjelp til å bli betre. Tenesta samarbeider tett med andre tenester i kommunen.

Ergoterapeuten sitt hovedfokus er å legge til rette for størst mogeleg sjølvstende hos personer der sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetjing er til hinder for aktivitet og gjennomføring av daglege gjeremål. Dette innebærer mellom anna 

  • kartlegging av individuelle behov 
  • trening i ulike ferdigheiter og bruk av teknologi 
  • søke om og/eller tilpasse hjelpemidler samt tilrettelegge fysiske omgjevnader

Kven kan få tilbodet?

Menneske i alle aldersgrupper, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringa, har vanskar med å meistre eigen kvardag.

Korleis får vi tilbodet?

Ved å ta kontakt med tenesta på telefon eller ved å ta kontakt direkte på besøksstad. Vi tek også i mot meldingar frå fastlegar, sjukehus og andre. E-post kan også brukast for å få kontakt, men hugs at det ikkje må sendast sensistiv informasjon på e-post.

Ergoterapitenesta kan bidra med

  • Kartlegging og vurdering av funksjonsnivået ditt
  • Motivere deg slik at du når måla dine
  • Tilrettelegging under opptrening i ulike rehabiliteringsfaser
  • Tilrettelegging for at du skal greie deg sjølv og for meistring på ulike arenaer
  • Utprøving, tilpassing og formidling av hjelpemidler som kan gjere kvardagen enklare og tryggare
  • Aktivitetstilpasning, til dømes å tilrettelegge for balanse mellom aktivitet og kvile, samt utforme aktivitetsplan
  • Råd og rettleiing ved kognitive vansker, til dømes med struktur, konsentrasjon, hukommelse og overgangssituasjoner
  • Råd og rettleiing om tilrettelegging av bustad og ved universell utforming

Her kan du sjå ein liten informasjonsfilm om kva ergoterapi er

Situasjonar der kommunal ergoterapeut kan bidra

  • Ved stort, brått funksjonsfall
  • Ved motoriske vanskar som forseinka utvikling av grov,- og finmotorikk
  • Når du ikkje lenger klarer å utføre daglige, praktiske oppgaver som du klarte tidligare, til dømes gå på butikken, ta bussen, besøke vener og familie m.m.
  • Ved behov for tilrettelegging og hjelpemidler for å kunne utføre daglege gjeremål
  • Når du ynskjer hjelp til rettleiing og tilrettelagt trening for å verte meir sjølvhjulpen
  • Ved kroniske lidingar som nevrologiske, revmatiske eller ortopediske sjukdommar
  • Ved kognitive vanskar og nedsett syn og hørsel

Ved arbeidsplassvurdering ber vi deg ta kontakt med bedriftshelsetenesta, eventuelt konsulent på NAV.

Kvar kan du få tenesta?

Du kan få tilbod frå ergoterapeuten

  • i eigen heim
  • i barnehagen og på skulen
  • på kort- eller langtidsavdelinga på sjukeheimen

Slik når du oss

Dei kommunale ergoterapeutane held til i tredje etasje på Høyanger Helsesenter, Storgata 10, 6993 Høyanger. Du kan ta kontakt på telefon, eller direkte på avdelinga.
Vi tek óg imot tilvisingar frå fastlegar og spesialisthelsetenesta, tilvisingsskjema kan sendast til:

Høyanger kommune 
Avdeling for Fysikalsk medisin og rehablitering
Postboks 159
6991 Høyanger

Kommunale ergoterapeutar

Kommunale ergoterapeutar
Namn Stilling Eining Telefon
Thomas Rørvik einingsleiar Fysikalsk medisin og rehabilitering 992 19 341 / 57 71 16 61
Embla Stedje ergoterapeut Fysikalsk medisin og rehabilitiering 992 19 309 / 57 71 16 64

Kva kostar det?

Tenester frå den kommunale ergoterapitenesta er gratis.

Kan du klage på tilbodet?

Du kan klage på alle helse- og omsorgstenester. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester. 

Klage kan du sende til Høyanger kommune, v/avdeling for Fysikalsk medisinsk og rehabilitering, postboks 159, 6991 Høyanger. 

Thomas Rørvik
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 71 16 61
Mobil 99 21 93 41