Vil du bli besøksheim?

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom ei eller fleire helger i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere ein ekstra ressurs for barnet. Føremålet er at du med din familie og heim, tilbyr eit avbrekk for eit barn eller ungdom frå ein familie som er i ein krevjande livssituasjon.

Kva for krav stiller vi til ein besøksheim?

Ein besøksheim er ein heilt vanleg heim som har tid og kapasitet til å ta seg av eit ekstra barn. Det blir ikkje stilt krav om utdanning for å bli besøksheim. Det vert lagt større vekt på at ein er personleg eigna. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Besøksheimen kan gjerne ha eigne barn.

Alle ansvarlege vaksne i besøksheim må ha politiattest som kan bestillast på politiet sine sider.

Kven er barna som treng besøksheim?

Barna kan ha nytte av å vere saman med andre familiar. For mange av barna er det behov for å oppleve andre rammer med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje barna overskot, lærdom, stimuland, glede og tryggheit. Alderen på besøksbarna er frå 0 til 18 år.

Godgjersle for besøksheim

Oppdraget vert løna etter KS (kommunesektorens organisasjon) sine satsar. Køyregodtgjersle etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.

Ønskjer du å vere besøksheim?

Ta gjerne kontakt med barnevernleiar Ingvill Auganæs for meir informasjon: 992 19 374.
E-post: ingvill.auganæs@hoyanger.kommune.no