Er du bekymra for eit barn?

Det er viktig at du melder til barnevernet dersom du er bekymra for eit barn. Meldinga frå deg kan vere viktig for barnet eller ungdomen det gjeld. Barn og ungdom kan også sjølve ta kontakt med barnevernet. 

Slik melder du ifrå til barnevernet

Du kan sende digitalt meldeskjema som går direkte til barneverntenesta. Du kan også ringe, møte opp eller sende brev med di bekymring til barneverntenesta. 

Du kan sende bekymringsmelding til barneverntenesta i Høyaner via digitalt meldeskjema

  • Telefon: 57 70 75 75  i kontortida.
  • Akuttvakt utanom ordinær arbeidstid tlf: 400 22 988
  • Besøksadresse: Elvegata 22, 6993 Høyanger, 2. etasje. 
  • Postadresse: Høyange barnevernteneste, postboks 159, 6991 Høyanger

Meldeplikt

Offentleg tilsette har plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vedvarande alvorlege adferdsvanskar. 

Les meir om meldeplikt etter barnevernlova

Du kan vere anonym

Du kan velje å vere anonym. Barneverntenesta ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka større truverde. 

Kva skjer vidare?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan fristen skal barnevernet ha vurdert og konkludert med å opne ei undersøking eller henlegge meldinga. 

Barnevernteneste skal gje tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbar grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gi tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Ei undersøking kan utvidast til seks månader. Undersøkinga vert konkludert med tiltak etter barnevernlova eller den vert henlagt.

Les meir om gangen i ei barnevernssak på Bufdir sine nettsider