Sæbøtangen

I 2021 starta vi arbeidet med å sjå på ei visuell oppgradring og betre bruk av delar av Sæbøtangen.

Vi søkte Vestland fylkeskommune for tilskot til kunnskapsgrunnlag for arbeidet. Vi fekk 125.000 kr til dette! Asplan Viak var det konsulentfirmaet som fekk oppdraget, og det resulterte i Stadutviklingplanen som du kan lese under. Denne vert ei god rettesnor for fysisk opparbeiding, og er utforma i stor grad etter dialog med private og næringsdrivande i området.Elvegata og Strandgata ber preg av å vera ein veg meir enn ei
gate. Ein veg er ei transportåre, i hovudsak utanfor tettstaden,
medan ei gate er knytt til tettstadar og sentrum. Eit viktig grep blir
difor å gjera transportåra om til ei gate, definere og stramme opp. På denne måten kan vi få til nokre møteplassar og betre trafikkbildet for køyrande og gåande.

I 2022 var vi så heldige å få innvilga ny søknad om tilskot frå Vestland fylkeskommune, på heile 1,1 million. Dette går med som ein delsum av det det kostar å opparbeide gatene. Det vert mellom anna nye kantsteinar som skille mellom fortau og gate, og belysning.

Førebels er planen å starte ved brua i Marcus Thranes gate og fortsette ned til og med Øren hotell.

Arbeidet med å planlegge utforming, ta kontakt med entreprenørar og ha dialog med tilgrensande eigedommar i området er i gong. Vi håpar å sette i gong med fysisk opparbeiding våren 2023.

Informasjon om oppstart av arbeid i Elvegata

Del 1 og 2 av Sæbøtangprosjektet

Høyanger kommune er oppteken av stadutvikling, og fekk i 2021 utarbeidd ein stadutviklingsplan i samarbeid med Asplan Viak som såg på kva moglegheiter og forbetringar ein kan gjere på Sæbøtangen.

Høyanger kommune søkte difor i 2022 på tilskotsordninga til Vestland fylkeskommune «Tilskot til berekraftig samfunnsutvikling» der slike prosjekt som dette er retta mot. I søknaden retta vi fokus på at denne delen av tettstaden har endra seg mykje sidan 1970-talet, utan ein heilskapleg plan i området. Både gatestruktur og bygningsmasse har endra seg. Utfordringar vi står føre i dag er utflytande areal utan tydelege formål som fører til lågare trafikktryggleik enn ønska. Dette gjeld både harde og mjuke trafikkantar, men vi meiner vi kan løyse mykje gjennom å stramme opp gatene og få tydeleg skilje mellom gåande og køyrande.

Dette gjerast mellom anna at fortaua vert noko breiare og vegbana er planlagt ferdig med 5,5 m normal vegbreidde. Kantstein vert høgare og gjer eit tydlegare skilje mellom veg og fortau, der kantstein ved innkøyrsler vert lågare. Det er mål om få opp nye lyktestolpar langs gata, og betre tilkomsten til Ørenbrua.

Anleggsperiode

I perioden med arbeid i gatene må ein rekne med midlertidig omkøyring og noko støy på dagtid.

Vi fekk innvilga søknaden av del 1 og 2 på heile søkesummen på 1,130.000 mill. Dette er midlar som må nyttast i samsvar med arbeid og finansiering i søknad for å verte utbetalt. I tillegg har kommunen 2 mill. sett av i investeringsbudsjettet.

Dei andre delområda står for tur i åra framover. Desse områda er meir krevjande med omsyn til blant anna krav om reguleringsplan, oppmåling av eigedomsgrenser, avtalar med grunneigarar med meir. Høyanger kommune kjem til å søke midlar til delområde 3-6 når det er aktuelt.

Oppstart:

Måndag 04.09.23.

Det vert sendt ut nabovarsel til dei som bur nærast. I perioden med arbeid i gatene må ein rekne med midlertidig omkøyring og noko støy på dagtid.

Planlagt ferdigstilling:

31.12.23

Stadutviklingsplan Sæbøtangen_ (PDF, 23 MB)