Eit av satsingsområda i samfunnsreforma "Leve heile livet" er større matglede.
Mål
Skape gode måltidsopplevingar og redusere underernæring. God mat er grunnleggande forgod helse og livskvalitet gjennom livet. Eldre skal få næringsrik mat som både ser god ut, duftar godt og smaker godt. Maten skal vere tilpassa den einskilde sitt behov og bli servert i ei hyggeleg ramme.
Satsingsområde
Det gode måltidet
- næringsrik mat som ser god ut, lukter godt og smaker godt
- maten og måltidet må tilpassast den einskilde sin føresetnader og behov
- serverast i ei hyggeleg ramme
- riktig innhald av energi og næringsstoff
- Estetikk: sjå apetikkvekkande og delikat ut, slik at den aktiverer sansane
Miljøarbeid og måltid - tverrfagleg samarbeid
- leggast til rette for sosiale måltidsfellesskap
- middagsven. Lage gode rammer for at ein kan dele middag med nokon
- markere årstider/heilagdagar/kvardag/helg gjennom måltid og samarbeid mellom mat og kulturopplevingar
Valfriheit og variasjon
- sjå den einskilde sine ønskjer og behov med systematisk kartlegging
Systematisk ernæringsarbeid
- følge opp den einskilde sine ernæringsbehov for å unngå under- og feilernæring
Publisert 30.11.2022 15.18
Sist endra 07.12.2022 10.28