Universell utforming

Universell utforming vil seie at omgjevnadene er utforma på ein slik måte at alle skal kunne nytte dei. God universell utforming fungerer som ein godt integrert del av bustader og uterom utan at grepet stikk seg ut.

I Høyanger kommune arbeider vi for at felles uterom og byrom skal vere universelt utforma. Dette er ein føresetnad for at alle skal kunne kome seg rundt på like premiss og for at alle skal kunne få glede av å opphalde seg i det offentlege rom.