Fv. 55 Tronvik - Ulvåna

Vestland fylkeskommune har som vegeigar starta planarbeid med utbetring av fv. 55 Tronvik - Ulvåna. Målet med utbetringa er at den skal gje betre framkomst, redusert reisetid og samanhengande god vegstandard mellom Høyanger og Vadheim. Betre standard vil også gje betre trafikktryggleik, og gjer vegen lettare å drifte.

Fleire stader vil det bli naudsynt å leggja om og/eller etablere nye tilkomstvegar og avkøyrsler då ny veglinje kuttar eksisterande tilkomst. Gode løysingar for kryss, avkøyrsler og sidevegar må utarbeidast i reguleringsplan. Det vil bli behov for tre nye bruer: ny bru over Galdergrova ved Natvik, ny bru over elv ved Frivika og ny bru over Ljotebøelvi ved Tronvik.

Det er parsellen Ulvåna-Merket som har dei største utfordringane, både når det gjeld framkomst og trafikksikkerheit. Parsellen Merket-Tronvik har ein noko betre standard og går i eit lettare terreng, her er det i hovudsak berre breiddeutviding av eksisterande veg og bru.

Oppdatert informasjon:

Via nettsida til Vestland fylkeskommune vil du heile tida kunne følge siste nytt undervegs i planprossessen, og sjå kven du kan kontakte.

Vestland fylkeskommune si nettside om fv. 55 Tronvik - Ulvåna

Innspel:

Dersom du har innspel til planarbeidet og har informasjon som kan vere nyttig, er det under link direkte til kartløysinga "Innbyggarportalen". Her kan du teike og skrive informasjon til fylkeskommunen.

Innbyggarportalen

Synne Vefring
Leiar tenesteeining plan og forvaltning
E-post
Telefon 57 71 15 47
Mobil 97 56 12 55