Kommunal bustad
Du kan søke om å leige kommunal bustad om du ikkje klarar å skaffe deg ein egna bustad sjølv.
Kven kan få tilbodet?
Føremålet med kommunale bustader er å hjelpe vanskelegstilte med å kunne busette seg i eigen bustad. Aktuelle målgrupper kan vere:
• Vanskelegstilte på bustadmarknaden. Med vanskelegstilte er meint personar som ikkje sjølv klarer å skaffe seg eigna bustad. Dette kan skuldast dårleg økonomi, helsemessige eller sosiale utfordringar, lite kunnskap om den norske marknaden eller liknande.
• Kommunalt tilsette og andre.
Krav til søkar:
• Søkar må på søknadstidspunktet ha lovleg opphald i Noreg.
• Søkar må ha fylt 18 år. Dersom søkar er under 18 år skal tildeling av bustad skje i samarbeid med verge og tenesteapparat.
• Søkar må ha vore folkeregistrert i Høyanger kommune dei siste 12 månadar. Dette skal dokumenterast med utskrift frå Folkeregisteret.
• Søkar må vere utan eigen sjølvstendig bustad, samt dokumentere kva som er gjort for å skaffe seg bustad på den private bustadmarknaden.
• Søkar må dokumentere dagens butilhøve, og kva som eventuelt gjer bustaden ueigna. Til dømes om bustaden er helsefarleg.
• Søkar må ikkje ha inntekt, formue, eller alternative moglegheiter som gjer søkar i stand til sjølv å skaffe eigna bustad.
Det vert ikkje stilt krav til butid hos flyktningar som skal busettast for første gong i Høyanger kommune etter avtale mellom staten og Høyanger kommune.
Handsaming av søknad:
Søknadar vert handsama av bustadteamet på vegne av kommunedirektør. Vedtak på søknad om kommunal utleigebustad skjer ut frå ei vurdering i bustadteamet og på grunnlag av gjeldande retningslinjer.
Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad (PDF, 464 kB)