Dersom du skal lage ny, utvide eller endre avkøyrsle som går til offentleg veg må du søke om løyve etter veglova § 40. Med avkøyrsle er det her meint forbinding mellom byggetomt/eigedom og offentleg veg. Dette gjeld og der private vegar møter offentleg veg.
Kva er søknadspliktig
Dersom det skal bli gjort tiltak som endrar forholda til avkøyrsla må du sende inn søknad for godkjenning. Det kan vere fysisk endring eller endra bruk. Dersom opparbeiding av avkøyrsla er ein del av ei større byggesak treng du ikkje søke spesielt om løyve så lenge vegen er kommunal.
Eksempel der du må søke om særskild løyve med eigen søknad:
- Etablering av ny avkøyrsle
- Flytting av eksisterande avkøyrsle
- Endring av eksisterande avkøyrsle
- Etablering av ein eller fleire bueiningar som skal bruke eksisterande avkøyrsle (utvida bruk).
Korleis søkje
For å søke om ny eller utvida bruk av avkøyrsle skal du bruke elektronisk skjema på nettsida til Statens vegvesen. Søknaden vil då bli sendt til kommunen, fylkeskommunen eller vegvesen etter kven som er vegeigar og vegmynde til å handsame søknaden.
Sjå Statens vegvesen om avkøyrsle
Dette skal søknaden innehalde
- Situasjonsplan i passande målestokk der avkøyrsla er teikna inn med breidde og frisikt trekantar. Planen skal óg vise sporingskurve/svingradius som viser at ein kan snu på eigen grunn.
- Situasjonsplan må vise eventuelle bygg, murar og andre sikthindringar.
- Vis eventuell gammal avkøyrsle som skal bli stengt av
- Lengdeprofil som viser avkøyrselen sitt stigningsforhold
- Dokumentasjon av nabovarsling og eventuelle merknadar
- Dersom søknaden gjeld ei annan plassering enn vist i gjeldande reguleringsplan må du og sende dispensasjonssøknad.
- Dersom ønska løysing er i strid med krav i forskrift om avkøyrsle frå offentleg veg, må du og søke om dispensasjon.
- Dersom avkøyrsla omfattar areal på annan manns grunn må det bli dokumentert at det føreligg ei tinglyst avtale.
Krav til utforming av avkøyrsle frå kommunal veg
Tal og plassering
Alle eigedomar skal i utgangspunktet ha ei avkøyrsle. Der det er mogleg bør fleire eigedomar gå saman om ei felles avkøyrsle. Vi vil i særleg grad unngå avkøyrsler til hovud- og samlevegar, samt kollektivårer.
Avkøyrsla må bli lagt mest mogleg vinkelrett på offentleg veg, og vere tydeleg fysisk avgrensa.
Breidde
Avkøyrsle skal bli plassert vinkelrett på kommunal veg. Den skal og vere tydeleg fysisk avgrensa til eigedomen for å sikre at all køyring til eigedomen skjer på dette punktet. Avkøyrsla bør heller ikkje bli plassert nær innerkurve dersom det er plassert hindringar for sikta.
For bustadar og fritidsbustadar skal avkøyrsla ikkje vere breiare enn 4 meter
Stigning og fall
Stigning: På dei første 2 meter frå vegkanten skal avkøyrsla ha eit jamt fall vekk frå vegkanten på 2,5%. Vertikalkurve med radius ≥ 40 m (lågbrekk) eller ≥ 60 m (høgbrekk) vert brukt som overgang til avkøyrsla sitt vidare forløp.
Dei næraste 50 meter frå vegen skal avkøyrsla ha fall eller stigning som ikkje er større enn 1:8 (12,5 %). Stigninga skal dokumenterast i søknad i lengdeprofilen.
Krav til sikt
Det skal vere siktsone mellom vegen og avkøyrsla. Det skal ikkje vere sikthindring høgare enn 0,5 meter innanfor siktsona. Det skal ikkje vere terreng, innretningar, snø eller vekstar som er høgare enn dette. Storleiken på siktsona er avhengig av vegen si fartsgrense og trafikkmengde på staden.
Parkeringsplass og snuareal
Det må visast på situasjonsplan at eigedomen oppfyller krav til tal parkeringsplassar.
Det er eit generelt krav om at ein må kunne snu på eigen grunn. Dette for å unngå rygging og manøvrering på offentleg veg. Det må visast på situasjonsplan at det er avsett og tilstrekkeleg areal til å snu på. Dersom ein skal bruke nabo sin grunn til å snu bør ein legge ved tinglyst erklæring.
Stikkrenne
Dersom avkøyrsla vil bli etablert over veggrøft skal det bli lagt ned køyresterk stikkrenne under avkøyrsla. Minste diameter på røyr skal vere 160 mm (6"). Med køyresterkt røyr er det meint vegrøyr eller tilsvarande røyr med muffe. Stikkrenna skal gå minimum 0,4 meter utanom fyllinga til avkøyrsla.
Avkøyrsle i samband med garasje eller carport
- Dersom garasje eller carport blir plassert med innkøyring vinkelrett på vegen er det krav om minimum 5 meter avstand frå garasjeport/opning til vegkanten.
- Dersom garasje eller carport blir plassert med innkøyring parallelt med vegen er det sett krav om minimum 1,5 meter avstand frå bygningen til eigedomsgrensa mot veg. Vi gjer merksam på at reguleringsplanar kan ha strengare krav til avstand mot veg.
Avkøyrsle i strid med regelverket
Dersom avkøyrsla blir bygd eller nytta i strid med løyve og krav til utforming, kan kommunen gje pålegg om at avkøyrsla skal bli stengt, endra eller flytta på den ansvarlege sin kostnad etter veglova § 42.