Førehandskonferanse

Kva er førehandskonferanse og korleis bestille det?

Dersom du vil ha eit møte med kommunen for å avklare forhold og føresetnadar for eit byggetiltak kan du bestille ein førehandskonferanse. Føremålet med ein førehandskonferanse er å etablere tidleg kontakt for å avklare føresetnadar og krav for den vidare sakshandsaminga.

Du som tiltakshavar, og ansvarleg søkar møter då ein sakshandsamar frå kommunen.

Når kan du bestille førehandskonferanse

Førehandskonferanse kan du bestille ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak der du sjølv kan søke om byggeløyve kan du møte kommunen aleine. Dersom du er i tvil om tiltaket ditt er søknadspliktig eller ikkje, kan du og bestille ein førehandskonferanse. 
 
For søknadspliktige tiltak der fagfolk må stå ansvarleg for søknaden, bør ansvarleg søkar delta på førehandskonferansen. Førehandskonferanse blir halde før ein eventuell byggesøknad blir sendt til kommunen.

Vilkår

Kommunen pliktar å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar vil ha det. Før møtet skal du eller ansvarleg søkar gje kommunen dei opplysningar som er naudsynt for å halde konferanse. Dette vil som regel vere kart, teikningar, skildring, avklaring om dispensasjon osv.

Korleis bestille førehandskonferanse

Dersom du vil ha ein førehandskonferanse med kommunen kan du sende ein skriftleg førespurnad til kommunen ved å fylle ut skjema under og sende det til postmottak@hoyanger.kommune.no

Bestille førehandskonferanse (PDF, 103 kB)

Pris

Prisliste 2023 (PDF, 283 kB)

Kjartan Rasdal
Byggesakshandsamar
E-post
Telefon 57 71 15 19