Bygge og søke sjølv utan fagfolk

Det fins nokre mindre byggearbeid som du kan søke om å bygge sjølv (søknad utan ansvarsrett).

Du kan sjølv velje om du vil ta ansvar for å søke, prosjektere og utføre desse byggearbeida. Det kan for eksempel vere å bygge garasje, bod, terasse, levegg, gjerde eller støttemur. 

Du er sjølv ansvarleg for at det som blir bygd er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter, arealplan og andre løyve. 

Bruk gjerne Direktoratet for byggkvalitet sin trinnvise rettleiar.

 

Dersom du ikkje finn det du treng, ta kontakt med sakshandsamar for byggesak.

Kjartan Rasdal
Byggesakshandsamar
E-post
Telefon 57 71 15 19