Høyring og offentleg ettersyn av kommuneplanen sin areadel 2024-2036

Kommunestyret gjorde i møte 25.04.2024, sak 037/24, følgande vedtak: Kommunestyret vedtek høyring og offentleg ettersyn av framlegg til kommuneplanen sin arealdel for 2024 -2036 jf. plan og bygningslova §11-14.

Framlegg til kommuneplanen sin arealdel 2024 – 2036 består av følgjande dokument;
• Planomtale
• Føresegner
• Konsekvensutgreiing og ROS-analyse
• Tre kartutsnitt som viser heile planen i målestokk 1:55000
 - Plankart utan omsynssoner
 - Plankart med omsynssoner (utan H310 og H320)
- Plankart med omsynssoner H310 og H320 

Kommuneplanen sin arealdel består av eit juridisk bindande plankart med tilhøyrande føresegn. Planskildringa gjer greie for verknader av planen, og kva føringar som er lagt til grunn for planframlegget. Det er i tillegg utarbeida eit arealrekneskap for å gi ein betre oversikt over arealbruken i kommunen.

Plankartet med tilhøyrande omsynssoner og juridiske linjer er tilgjengeleg på kommunekart.com under følgjande kartlag: KPA 2024-2036 1. gongs høyring. Plandokumenta er tilgjengelege i planregisteret på arealplaner.no. 

Alle dokumenta er tilgjengeleg i papirversjon på Høyanger bibliotek og på servicetorget på rådhuset i Høyanger. 

Framlegg til kommuneplanen sin arealdel er utarbeida i samsvar med fastsett planprogram, kommuneplanen sin samfunnsdel, arealstrategi og regionale- og nasjonale føringar. Arealdelen skal bidra til en forsvarleg, føreseieleg og berekraftig forvaltning av Høyanger kommune sine areal på land og i sjø. Den skal gje retning og sette rammar for bustadbygging og næringsutvikling, i bygd, tettstad og i utkantstrok.  Arealplan er grunnlag for all byggjeaktivitet i kommunen. Og den skal vere eit godt styringsverktøy for kommunal plan- og byggesakshandsaming. 

Frist for å komme med merknad er satt til 5. juli 2024.

Merknadar skal sendast til;
Postmottak Høyanger kommune
E-post; postmottak@hoyanger.kommune.no 
Postadresse: Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger.

For meir informasjon ta kontakt med Høyanger kommune på tlf. 57711500.  
 

Artikkelliste