Du kan søke om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført til dømes av arkitekt.
Søk prosjekterings- og utgreiingstilskot
Prosjekteringa skal
- gje forslag til tiltak som skal gjere bustaden meir universelt utforma.
- finne gode løysingar til nøkterne kostnader.
Prosjektering skal kartlegge
- moglegheiter og avgrensingar i bustaden
- uteområde og tilkomst
- tilgjengelegheit inne
- arealbehov
- innreiing og fungerande tilstand
Kommunen må vurdere om du har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen.
Det er opp til kommunen å vurdere kven som skal få og kor mykje.
Om tilpassing av bustad
Det fins låne- og tilskotsordningar som kan gjere det mogleg å finansiere tilpassing av bustaden din. Kommunen kan finne fram til dei ordningane som er aktuelle for deg.
Tilpassinga må vere føremålstenleg, og behovet for tilskot blir vurdert ut frå husstanden sin økonomiske situasjon i framtida.
Søknad om prosjektering og utgreiingstilskot
Du kan lese meir om låne- og tislkotsordinga på nettsida til Husbanken
Tverrfagleg gruppe for bustadrådgjeving
For å imøtekoma personar med behov for bistand i bustadtilpassingssaker, har kommunen etablert ei tverrfagleg bustadrådgivingsgruppe.
Medlemmar i bustadrådgjevingsgruppa
- Stabseining Økonomi
- Eining for Fysikalsk medisin og rehabilitering
- Eining for Plan og Forvaltning
Gruppa samlast når søknader kjem inn og elles etter behov.
Har du behov for å gjere tilpassingar i bustaden din?
Ta kontakt for spørsmål og rådgjeving straks behovet melder seg.
Til saman vil den tverrfaglege gruppa ha nok kompetanse og få inn nok opplysningar, til å kunne avgjere innkomne søknader om finansiering av små eller store tilpassingar av din bustad på ein god måte.