Økonomisk stønad (sosialhjelp)

Økonomisk stønad skal sikre deg pengar å leve for dersom du ikkje kan sørge for livsopphaldet ditt gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.

Meir om tenesta

Om du skal søkje om økonomisk stønad, finn du digitalt søknadsskjema på nav.no:

Søknadsskjema økonomisk sosialhjelp

Det er fire veker sakshandsamingstid på slik søknad. Om du passar på å levere inn naudsynt dokumentasjon til søknaden, unngår du unødvendig ventetid.

Dersom du er i ein akuttsituasjon og ikkje har pengar til det mest naudsynte, ber vi deg om å levere søknad om naudhjelp. Svarfrist på slik søknad er 48 timar.

Om du ikkje har BankId, finn du søknadsskjema på papir ved inngangen til NAV Høyanger. Utfylt søknad kan du legge i kvit postkasse med hengelås på same stad. Postkassa blir tømt kvar dag.

Du finn gode råd om økonomi og korleis handtere kvardagsøkonomien din på nav.no. Om du ønskjer samtale om økonomi, kan du be om dette i opningstida til jobbsenteret vårt, måndag og onsdag kl. 12.00 - 14.00, eller ved å ringe telefon 55 55 33 33.

Rettleiar for økonomisk stønad

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon NAV Høyanger
Informasjon Kontaktopplysning
Telefon 55 55 33 33
Gateadresse Elvegata 22, 6993 Høyanger
Postadresse Postboks 123, 6991 Høyanger
Opningstider Tysdagar og torsdagar: kl 12:00 - 14:00