Økonomi- og gjeldsrådgjeving

NAV hjelper deg å ta kontroll over økonomien din. Du kan prate med oss på telefon eller møte oss på NAV-kontoret.

Om du har vanskar med å betale rekningane dine eller har gjeldsproblem, kan NAV Høyanger hjelpe deg. Hjelpa er tilpassa din situasjon og kan vere alt frå å setje opp eit budsjett, få oversikt på gjeld og bistå deg i gjeldssaker og dialog med kreditorar.

Om du treng slik hjelp, kan du bestille time hjå gjeldsrådgjevar ved NAV Høyanger. Tilbudet er gratis, og vi råder deg til å ta kontakt så snart du forstår at du ikkje klarer å handtere dei økonomiske utfordringane dine sjølv.

Meir informasjon finn du på nav.no: Økonomi- og gjeldsrådgivning

Skjema for søknad om opplysning, råd og rettleiing (PDF, 95 kB)

 

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon NAV Høyanger
Informasjon Kontaktopplysning
Telefon 55 55 33 33
Gateadresse Elvegata 22, 6993 Høyanger
Postadresse Postboks 123, 6991 Høyanger
Opningstider Tysdagar og torsdagar: kl 12:00 - 14:00