Miljøfyrtårn

Høyanger kommune vil vere ein føregangskommune på miljø og er difor medlem i Miljøfyrtårn.

Kva er Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er ei frivillig sertifiseringsordning for små og mellomstore verksemder som ønsker å vise at dei tek miljøansvar.
 

Kvifor Miljøfyrtårn?

Verksemder som blir Miljøfyrtårn oppnår sjølv fordelar ved å spare pengar på drift, redusert sjukefråver, betre HMS/internkontroll, dokumentasjon på miljøvenleg drift og ved å oppnå fordelar i anbudsrunder. Høyanger kommune dekker kostnadane med førstegongssertifisering for verksemder i kommunen som ønsker å sertifiserast.
 

Korleis bli Miljøfyrtårnsertifisert? 

For å bli miljøfyrtårn må verksemda kontakte ein miljøfyrtårnkonsulent. Konsulenten skal bistå med miljøanalyse og prosessen med korleis verksemda kan oppfylle miljøkrava i sin bransje. Konsulentrapporten med dokumentasjon om at alle krav er oppfylt sendast til sertifisør før avtalt sertifiseringsmøte. Framgangsmåte for å bli miljøfyrtårn er nærare forklart på www.miljofyrtarn.no

 

Vil du bli Miljøfyrtårnsertifisert?

Her kan du lese meir om Stiftelsen Miljøfyrtårn