Skogstilskot veg

Skal du bygge ny landbruksveg eller bygge om ein eksisterande, må du søke om løyve frå kommunen.

Du må også legge ved eit kart, der du teiknar inn veglina og eventuelle massetak.

Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudføremål. Om vegen i hovudsak blir nytta til anna føremål, skal den handsamast som byggesak etter Plan- og bygningslova.

Skogbruksvegar kan få tilskot. Søknad om tilskot blir handsama og eventuelt innvilga av Statsforvaltaren i Vestland. Søknad skal sendast til kommunen for vurdering, og vi videresender denne til Statsforvaltaren i Vestland.

 

Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar

 

Føremålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på en måte som gjev landbruksfaglege gode løysingar. Det skal leggast vekt på miljøverdiar knytt til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv, samt andre interesser som blir råka av vegbygginga.

Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar.

 

Søknadsskjema

 

Informasjonside hos Landbruksdirektoratet

Randi Dale
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 57 71 15 32
Mobil 99 21 93 91