Tilskot- prosjektmidlar kultur og folkehelse

Utval for samfunn skal fordele ein tilskotspott på kr 80.000 til kultur- og folkehelseprosjekt i kommunen. 
 

Illustasjonsfoto. Mennesker som spelar teater på scene.  - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto canva.com


Utval for samfunn prioriterer fordeling av midlane, som skal gå til gode kultur og folkehelseprosjekt i Høyanger kommune. Summen utvalet har til fordeling, kan bli justert gjennom det årlege budsjettvedtaket i kommunestyret og kan difor variere frå år til år. 

OBS! Tilskot kan ikkje gå til ordinær drift i laget.

Send søknad innan 15. september 2024 via søknadskjema under: 

Til digitalt søknadsskjema

 

Evt. spørsmål kontakt:

Einingsleiar for kultur og mangfald, Jeanette Walsvik:
Jeanette.Walsvik@hoyanger.kommune.no