Kornett/trompet i Høyanger kulturskule

Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangrar, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
Speleteknikken er forholdsvis lik på dei ulike messinginstrumenta. Det innebærer at overgang frå eit messinginstrument til eit anna er nokså uproblematisk. Val av instrument innanfor messinggruppa avhenger derfor ofte av eleven sine fysiske forutsetningar og korpsa sine behov i forhold til besetninga.

I undervisninga legg vi vekt på å utvikle speleglede, mestringsfølelse og elevens eigen musikalitet.

Anbefalt alder:

frå 7/8 år

Undervisningsstader:

Bjordal
Lavik
Vadheim
Kyrkjebø
Høyanger

Skulepengar per halvår:

Elevkontingent 1.200,-

Organisering:

Undervisninga er anten induviduell eller i gruppe. Kvar elev har minimum 20 minutt oppmøtetid per veke. Når elevane er komen opp eitt nivå kan ein i tillegg til kulturskulen prøve seg i det lokale skulekorpset. Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Vi tilrår at korpsmedlemmar har/tek speletimar parallelt med speling i korps.

Om instrumentet:

Kornett er eit messingblåseinstrument som liknar mykje på trompeten, men er eigentleg nærare i slekt med hornet. Alle messingblåseinstrument har til felles at dei er ei vidareutvikling av signaltrompeten. Signaltrompeten besto av munnstykke og sjallstykke med eit langt røyr imellom. Ein fann etterkvart ut at for å gjere det mindre, kunne ein berre bøye det saman i forskjellige retningar. Seinare vart det gjort endringar som skilde instrumenta frå kvarandre, slik som ventilar, slider og klaffar. Slik kom altså hornet til, og ved å forminske det og å bytte ut eventuelle klaffar med ventilar fekk ein kornetten.

Kornetten blir brukt spesielt i brassband, men også i janitsjarkorps og orkester. Det har ein rund og mjuk klang og er eit av dei mest brukte instrumenta i korps og musikklag.

Ein trompet liknar på kornett, men har sylindrisk boring, det gjev ein meir direkte klang. Det er vanleg å bruke trompet i janitsjarkorps, storband og orkester. Trompeten spelar gjerne signal og fanfarar, men blir også nytta i improvisasjon og jazz. Det vert ofte sett på som det instrumentet med sterkast lyd.

Kostnadar:

Kulturskulen har nokre instrument vi lånar ut, elles oppmodar vi om å ta kontakt med det lokale korpset for lån av instrument. Dersom ein ønskjer å kjøpe sjølv, rådgjev kulturskulelærarane gjerne.

Berømte personar som spelar kornett/trompet:

Ole Edvard Antonsen, Tine Thing Helseth, Chet Baker, Louis Armstrong
 

Sjoerd Tolsma
kulturskulelærar
E-post
Mobil 90 80 01 28
Jason Burn
kulturskulelærar
E-post
Mobil 90 69 78 18