Blokkfløyte i Høyanger kulturskule
Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangrar, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
I undervisninga legg vi vekt på å utvikle speleglede, mestringsfølelse og elevens eigen musikalitet.
Anbefalt alder:
Frå 5/6 år
Undervisningsstader
Høyanger
Kyrkjebø
Skulepengar per halvår
Elevkontingent 1.250,-
Organisering
Undervisninga er anten induviduell eller i gruppe. Kvar elev har minimum 20 minutt oppmøtetid per veke.
Om instrumentet
Renessanseinstrument, men kan i våre dagar bli brukt i musikkundervisninga i grunnskulen.
Kostnadar
Det billegaste brukbare kunststoffinstrumentet kostar ca. 130 kr. Når ein går over til edle tresortar ligg prisen mykje høgare - ca. 5000 kr for ei fin sopranblokkfløyte.
Historie
Instrumentet blei utvikla i renessansen men vart i høg grad benytta som soloinstrument i barokken. Seinare kom den i skyggen av tverrfløyta.
Berømte personar som spelar blokkfløyte
Michaela Petri, Franz Brüggen, Hans Martin Linde
Publisert 12.07.2022 11.49
Sist endra 09.08.2024 15.01