Baryton/euphonium i Høyanger kulturskule

Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangrar, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
Speleteknikken er forholdsvis lik på dei ulike messinginstrumenta. Det inneber at overgang frå eit messinginstrument til eit anna er nokså uproblematisk. Val av instrument innanfor messinggruppa avhenger derfor ofte av eleven sine fysiske forutsetnadar og korpsa sine behov i forhold til besetninga.

I undervisninga legg vi vekt på å utvikle speleglede, mestringsfølelse og elevens eigen musikalitet.
 

Baryton/euphonium

Anbefalt alder: frå 8 år

Undervisningsstader:

Bjordal
Lavik
Vadheim
Kyrkjebø
Høyanger

Skulepengar per halvår:

Elevkontingent 1 200,-

Organisering

Undervisninga er anten individuell eller i gruppe. Kvar elev har minimum 20 minutt speletime per veke. Vi tilrår at korpselevar har speletimar parallelt med speling i korps uansett nivå og alder. Aktuelle korps å spele i er: Lavik skulemusikk, Vadheim skulemusikk, Kyrkjebø skule- og ungdomskorps og Høyanger skulemusikk

Kostnadar/Utstyr

Kulturskulen har nokre instrument vi lånar ut, elles oppmodar vi om å ta kontakt med det lokale korpset for lån av instrument. Dersom ein ønskjer å kjøpe sjølv, rådgjev vi gjerne.

Sjoerd Tolsma
kulturskulelærar
E-post
Mobil 90 80 01 28
Jason Burn
kulturskulelærar
E-post
Mobil 90 69 78 18