Ofte stilte spørsmål om kulturskulen
Vi prioriterar born mellom 0-19 år som bur i Høyanger kommune.
Er det ledige plassar tek vi opp vaksne eller born frå andre kommunar.
Du kan søkje heile året. Men om du ønsker du å starte samtidig som skulen byrjar på hausten så er det lurt å søkje før skulestart.
Elevane våre må bekrefte vidareføring av plassen ein gong i året. Vi kontakter alle elevar via e-post om dette.
Når nokre av våre lærarar er fråværande gjer vi kva vi kan for å skaffe ein kvalifisert vikar slik at undervisninga går som den skal. Vi klarer ikkje alltid å finne vikar og må avlyse undervisninga. Melding om avlyst undervisning vert sendt ut per sms til det mobilnummer som vi har registrert i vår database. Kulturskulen kan avlyse 2 undervisningsdagar per fag og semester. Vert det fleire avlysingar i løpet av eit skuleår gje kulturskulen kompensasjon på 2 ulike måter:
- Vi lager eit opplegg som tar igjen avlyst undervisning.
- Vi gir reduksjon i elevpengane.
Dette vert ikkje gjort dei to første avlysingane.
Publisert 15.07.2022 11.11
Sist endra 18.08.2022 10.36