Introduksjonsprogrammet er for nykomne flyktningar som er busett i Høyanger kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og deira familiesameinte.
Målsettinga er å verte økonomisk sjølvstendig gjennom utdanning og arbeid.
Introduksjonsprogram
Målet med introduksjonsprogrammet er å gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.
Flyktningar som busettast i Høyanger kommune etter avtale med IMDi, vil få innkalling til samtale av integreringstenesta.
Personar som kjem ved familieinnvandring må sjølv søke seg inn i programmet. Dei kan også ta direkte kontakt med integreringstenesesta for informasjon om rettar.
-
Målgruppa er personar mellom 18 og 55 år som:
- Har fått asyl og dermed status som flyktningar
- Er overføringsflyktningar
- Har fått opphald på humanitært grunnlag etter en søknad om asyl
- Er familiesameint til dei gruppene som er nemnde over
- Er personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet
-
For personar som har fått opphaldsløyve før 1. januar 2021, gjeld framleis introduksjonslova frå 2003.
Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) gjeld for:
- Personar som får opphaldsløyve etter 1. januar 2021.
- Personal som får opphaldsløyve før 1. januar 2021 men kjem til Noreg etter 1. januar 2021.
Deltakarar i målgruppa for introduksjonsprogram har rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging og karriererettleiing. Dette skal bidra til introduksjonsprogrammet blir tilpassa den einskilde sitt behov. Kommunen skal sørge for kompetansekartlegging og fylkeskommunen skal sørge for karriererettleiing.
Introduksjonsprogrammet er individuelt tilpassa kvalifisering på fulltid, og målsettinga er å styrke moglegheitene for deltaking i yrkes- og samfunnsliv for innvandrarar, samt å styrke deira økonomiske sjølvstende. Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde:
- opplæring i norsk
- opplæring i samfunnskunnskap
- kurs i livsmestring
- arbeids- eller utdanningsretta element
Deltakarar som har barn under 18 år skal delta på kurs i foreldrerettleiing. Det same gjeld deltakarar som får barn i løpet av programmet.
Ein viktig del av introduksjonsprogrammet er språkpraksis. Målet med å vere i språkpraksis er først og fremst å betre nivået i munnleg norsk. Deltakarane får òg eit norsk nettverk gjennom praksisplassane, dei får noko å setje på CV-en, og dei kan få seg jobb dersom dei viser evne og vilje til det. Derfor skal alle deltakarar i introduksjonsprogrammet i språkpraksis – ikkje berre dei som har arbeid som mål i individuell plan, men òg dei som går eit utdanningsløp.
Kommunen skal setje eit sluttmål for den einskilde sitt program. Det er utdanningsbakgrunn som er førande når ein set sluttmål og varigheit for programmet.
Kommunen skal i samarbeid med deltakaren utarbeide ein integreringsplan og ei integreringskontrakt (jf. §§ 15 og 16 i integreringslova).
Deltaking i programmet gir rett til introduksjonsstønad. Stønaden utgjer to gongar folketrygdas grunnbeløp på årsbasis. Deltakarar under 25 år som ikkje bur saman med foreldre mottek 2/3 stønad. Deltakarar under 25 år som bur saman med ein eller begge foreldre mottek 1/3 stønad. Stønaden er skattepliktig.
For å kunne motta introduksjonsstønad må ein delta aktivt i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet følgjer arbeidslivets reglar for frammøte, og ikkje gyldig fråvær fører til trekk i stønad.
Publisert 17.10.2024 15.18
Sist endra 18.10.2024 13.23