Kommunen spelar ei avgjerande rolle i å legge til rette for vellykka integrering av flyktningar. Målet er å gi dei ein god start i sitt nye samfunn. Kommunen sørgjer for at flyktningar vert busett i trygge omgjevnader og får tilgang til nødvendige tenester, inkludert norskopplæring, introduksjonsprogram og veiledning.
Integreringsarbeidet må tilpassast den enkeltes behov. Faktorar som alder, utdanningsnivå og tidlegare erfaringar påverkar kor mykje støtte og tilrettelegging som trengs. Det er viktig å skreddarsy tiltak for å møte ulike behov, spesielt for sårbare grupper.
Ein sentral del av integreringa er å få flyktningar raskt inn i arbeidslivet. Dette gjer vi ved å utnytte deira kompetanse og erfaring, og tilby tilpassa opplæringstiltak.
Integreringsarbeidet er ein kontinuerleg prosess som krev samordning mellom statlege og lokale aktørar. Kommunen jobbar aktivt med å styrke integreringa for å bidra til at flyktningar blir ein del av lokalsamfunnet, får moglegheit til å utvikle sine ferdigheiter, og bidrar til fellesskapet.
Integreringstenesta i Høyanger kommune:
Einingsleiar: Jeanette Wølke Friis Walsvik, telefon 90 07 61 39
Integreringskoordinator: Ali Kharrat, telefon 92 53 04 48
Integreringskoordinator: Elias Zimmermann Espeseth, telefon 99 21 93 43
Integreringskoordinator: Frida Valsvik Offerdal, telefon 99 21 94 06
Integreringssjukepleiar: Benedicte Vågenes Sævdal, telefon 99 21 93 44