Frivillipolitisk plattform

Høyanger er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Frivillige og frivillig engasjement er ein viktig grunnstein i å byggje dette samfunnet. Ein aktiv og levande frivillig sektor er grunnleggande for eit levande lokalsamfunn. Høyanger kommunen ønsker å utvikle og vedta ein Frivilligpolitisk plattform og har i Frivillighetens år 2022 gjennomført 3 dialogmøter med innbyggarane. Det først møte var 7. april på Kyrkjebø, 1. september i Lavik og 5. desember i Høyanger.  

Kven er dei frivillige?

Dei frivillige utfører frivillig arbeid. International Labor Organization (ILO) definerer frivillig arbeid som: ikkje-obligatorisk arbeid, det vil seie den tida ein person brukar på å utføre ein eller fleire aktivitetar - anten gjennom ein organisasjon, eller direkte overfor andre utanfor eiga hushaldning - utan å ta betalt. I tillegg vert det vektlagt at tenesta eller aktiviteten må vere til fordel for samfunnet, miljøet, eller andre enn nære slektningar eller personar som kan reknast til eiga hushaldning. Ein frivillig organisasjon er ei samanslutning av personar eller einingar som driv verksemd på ikkje-fortenestebasis og ikkje-offentleg basis, jf. frivillighetsregisterlova § 3 og § 4. Ein frivillig organisasjon baserer ein vesentleg del av drifta på medlemskontingentar, gåver, innsamla midlar og/eller frivillig arbeidsinnsats. Ein frivillig organisasjon kan vere lag, foreining, stiftelse, ideelt aksjeselskap, forbund, nettverk eller ein paraplyorganisasjon.

I Høyanger kommune er det om lag 100 frivillige lag og organisasjonar. Desse er innanfor kategoriane idrett/friluftsliv, song/musikk/ kunst/ historieformidling, 4H/speidar/ungdomslag, humanitært arbeid, helse, hobby/husflid, politikk, fagforeining, natur/klima/miljø, beredskap, forsamlingslokale, nærmiljø/bygdeutvikling, skyttarlag, tru/livssyn, grunneigarlag, interesseorganisasjon m.fl.

Høyanger kommune gjennomførte ein kafédialog den 5. desember i Høyanger samfunnshus etter mal frå frivillighet Norge si nettside Eksempel på gjennomføring av en kafédialog — Knekk Samhandlingskoden.

Folk samla i gruppe for dialog - Klikk for stort bilete

Oppsummering frå kafedialogen i Høyanger


Her kjem ei oppsummering av hovudinnspel som vert teke med for vidare arbeid med utforming av Frivilligpolitisk plattform for Høyanger kommune. 

Spørsmål 1:Utfordringar

Har din organisasjon nokre konkrete utfordringar som hindrar dykk i å tilby enda meir eller fleire aktivitetar enn det de gjer i dag?

Gruppe 1
•    Få eldsjeler, dei same dreg lasset kvar gong
•    Dei som har eigne lokaler\hus brukar mykje tid og ressursar på vedlikehald og utleige
•    Aldrande befolkning, lite engasjement frå dei yngre

Gruppe 2
•    Synkande elevtal og innbyggarar i kommunen 
•    Fasilitetar, lager og anlegg 
•    Tilbod i kulturskulen og barn og unge er sentralisert 

Gruppe 3
•    Rekruttering/aktive medlemmer
•    Økonomi
•    Lågt barnetal – kjempa om dei same ungane

Gruppe 4
•    Samarbeid internt i eige lag og samarbeid med andre lag 
•    Økonomi i eige lag, privat økonomi 
•    Rekruttering til styreverv 

Gruppe 5
•    Kompetanse og rekruttering samt økonomi
•    Vedlikehald og oppgradering av eksisterande lokalitetar 
•    Ønske om eigna kulturhus og idrettsanlegg – sambrukshus 

Spørsmål 2: Kommunen som tilretteleggjar 

Korleis kan kommunen konkret legge tilrette for at de kan tilby meir eller fleire aktivitetar i ditt lag eller foreining?

Gruppe 1
•    Aktivitetskalender slik dei har i Sunnfjord med eiga pålogging for laga, slik at ikkje aktivitetane\arrangementa kolliderer
•    Kompetansetilgang, kan nyttast på tvers, mellom laga og til kommunen eller frå kommunen
•    Gjere det lett tilgjengeleg med å finne støtteordningar for dei som treng økonomisk hjelp

Gruppe 2
•    Lokalitet og vedlikehald
•    Marknadsføringstøtte
•    Langsiktig planlegging i kommunen- kultur og idrett meir på dagsorden 

Gruppe 3
•    Økonomisk støtte/tilskot – oversikt over stønadsordningar – tilskotsportal 
•    Samarbeid
•    Aktivitetskalender

Gruppe 4
•    Kalender for aktivitet informasjon (foreningsportalen - tilskotsportal)
•    Bedre økonomi
•    Kommunen vere behjelpelig med å holde kostnadene nede

Gruppe 5 
•    Ressursar og eigna lokale
•    Eldre som ressurs 
•    Inkludering 

Spørsmål 3: Ressursar

Kva slags kunnskap, utstyr eller frivillig innsats, trur du at di foreining kan bidra meir med, dersom de skulle ha eit tettare samarbeid med kommunen (t.d. i eit partnarskap, eller gjensidig forpliktande avtale, etc.)?

Gruppe 1
•    Søke ulike midlar saman med kommunen, der kommunen ikkje kan søke
•    Bruke laga meir ved marknadsføring av kommunen vi bur i, inkludering, trivsel, attraktiv plass å bu
•    Meir frivillig innsats på merkedagar i lokalmiljøa

Gruppe 2
•    Dele på instruktør og kompetanse
•    Dugnad inn i kommunale tilbod (basseng, ungdomsklubb, idrettshall)
•    Frivillige meir inn i barnehage og skule 

Gruppe 3
•    Korleis fange opp dei som treng det? Lage eit system
•    Inkludering
•    Lågterskeltilbod

Gruppe 4
•    Inkludering
•    Nabohjelp
•    Kommunen kunne kjøpt dugnadshjelp frå oss

Gruppe 5
•    Oversikt over tilboda i dei ulike bygdene
•    Open dag/aktivitetsdag/bli kjent -sosiale møteplassar
•    Fleire lag er villige til å gjere dugnadsarbeid eller arbeid mot honorar for kommunen - dele på kompetanse 

Spørsmål 4 – kontaktpunkt mellom foreiningane og kommunen og internt mellom foreiningane

Kva faste kontaktpunkt, møter eller annan form for dialog bør kommunen legge til rette for gjennom året, for å styrke samarbeidet: 

Gruppe 1
•    Faste møter kvart år for lag på tvers i kommunen -digitale møter så heile kommunen kan delta
•    Digital plattform\aktivitetskalender\samkøyring av aktivitetar
•    Kontaktperson og tydelege ansvar ved felles arrangement i bygdene og i Høyanger sentrum, kven står for kva?

Gruppe 2
•    Frivilligforum
•    Felles arrangement på tvers av dei ulike kulturtilboda
•    Kontaktperson i kommunen  

Gruppe 3
•    Fellesmøter mellom alle organisasjonar- bli kjent med kvarandre- kva driv vi med
•    Ved ulike arrangement: invitere lag og org. med i plan og gjennomføring
•    Ein koordinator som lag og organisasjonar kan kontakte – frivilligkoordinator

Gruppe 4
•    Digital plattform årshjul/kalender/aktivitetsoversikt
•    Deltaking frå kommuneadministrasjonen der dei ulike aktivitetane er - frivillighetsdagar/messe/torgdagar/arr. 
•    Fast kontaktperson og råd for frivillighet - faste dialogmøter gjennom året

Gruppe 5
•    Aktivitetskalender
•    Treffpunkt og samarbeidsmøte i vårhalvåret for lag og organisasjonar for koordinering av aktivitetar og planlegge neste skuleår
•    Ulike lag møtast på våren for å planlegge neste skuleår