Høyanger kommune har innført standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (Kommunestyret 30.09.14). Vilkåra erstattar tidlegare «Normalreglement for sanitæranlegg» og vert oppdatert av Kommuneforlaget. For Høyanger kommune er vilkåra gjeldande frå 1. oktober 2014.
Standard abonnementsvilkår
Standard abonnementsvilkår er ikkje ei forskrift, men ein avtale mellom to partar, kommunen og abonnenten. Det er sett krav til både kommunale og private anlegg slik at anlegga vert utført på ein betryggande måte med tanke på tryggleik, funksjonalitet og kvalitet. Dette gjeld særleg ved tilknyting til nye, private anlegg og sanitæranlegg. Vilkåra vert handheva av kommunen som eigar av kommunalt leidningsnett. Alle entreprenørar og røyrleggarar med oppdrag i Høyanger kommune pliktar å gjere seg kjent med og følge abonnementsvilkåra.
Kva består bestemmelsane av?
1. Tekniske bestemmelsar – som fastlegg krav til teknisk utføring
2. Administrative bestemmelsar – som tar for seg juridiske og forvaltningsmessige forhold
Dei tekniske bestemmelsane kan bestillast direkte frå Kommuneforlaget, medan dei administrative bestemmelsane kan lastast ned her.
Ved nye anlegg krev Høyanger kommune naudsynte søknadar etter Plan- og bygningslova.
Publisert 13.07.2022 13.17
Sist endra 24.06.2024 14.17