Omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad for personar som har ein helsesvikt, og/eller har ein psykisk/fysisk funksjonsnedsetting, og der eigen bustad er lite funksjonell.
Høyanger kommune har omsorgsbustader i Høyanger, Kyrkjebø, Lavik og Søreide.
Kven kan få tilbod om omsorgsbustad?
- Du må vere over 18 år, og vere folkeregistrert i Høyanger kommune.
- Du må ha ein helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonshemma.
- Noverande bustad kan i liten grad tilpassast.
- Tildeling av omsorgsbustad kan hindre eller utsette behov for sjukeheimsplass, og gi deg auka sjølvstende i kvardagen.
Kva kan du få hjelp til?
Bebuarar i omsorgsbustad kan søkje om praktisk bistand og helsetenester i heimen etter behov.
Slik søkjer du
Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om omsorgsbustad:
Søk om helse- og omsorgstenester - elektronisk
Søk om helse- og omsorgstenester (papirskjema)
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende med søknaden:
Fullmaktskjema til å opptre på vegne av andre (papirskjema)
Send søknad til:
Høyanger kommune, Tiltaksteamet, postboks 159, 6991 Høyanger
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknader vert behandla fortløpande.
Kva skjer vidare?
- Når søknadsskjema er motteke, vil vi kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
- Søknaden skal handsamast innan 4 veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit brev om førebels svar.
Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?
Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.
Lover og reglar
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven