Kven kontaktar du når du treng lege?
Måndag til fredag kl. 08:00 - 15:30 kontakt legekontoret på telefon 57 71 39 00.
Kveld, natt og helg kontakt legevakta på telefon 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
Akutt/øyeblikkeleg hjelp ring 113 (naudnummer) om skaden eller sjukdomen er alvorleg.
Du finn fastlegen din på nett
Fastlegen kan tilby ulike tenester på helsenorge.no.
- førespurnad om timebestilling
- fornye resept
- start e-konsultasjon
- kontakt legekontoret
Sjekk om du kan kontakte fastlegen din på nett
Opningstider ved legekontora i Høyanger kommune
Telefon: 57 71 39 00
Adresse: Storgata 8, 6993 Høyanger (Høyanger helsesenter)
Opningstider: måndag til fredag klokka 08:00 - 15:30
Ordinær telefontid: måndag til fredag klokka 08:15 - 10:30 og klokka 13:00 - 15:00
Laboratoriet ved Høyanger legekontor er ope måndag til torsdag klokka 08:15 - 13:30. Fredag er laboratoriet stengt, men er ope for akutt prøvetaking.
Telefon: 57 71 44 95
Adresse: Kvamsvegen 7, 6947 Lavik (Lavik helsesenter)
Opningstider: måndag og onsdag klokka 08:30 - 14:30
Ordinær telefontid: måndag og onsdag kl. 08:30 - 11:00 og kl. 13:00 - 14:00
Telefon: 57 71 02 33
Adresse: Sørsidevegen 3601, 5962 Bjordal (Sørsida bygdetun)
Opningstider: tysdag klokka 09:30 - 14:00
Ordinær telefontid: tysdag kl. 09:30 - 14:00
Ring legevakttelefon 116 117 etter arbeidstid
Legevakta har same gratisnummer i heile landet: 116 117.
Legevakta held til i Bygg Aust like ved hovudinngangen til Helse Førde HF, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde.
Spørsmål om prisar eller faktura?
Ring legekontoret om du har spørsmål om prisar eller faktura.
Byte fastlege?
På helsenorge.no finn du informasjon om korleis du byter fastlege.
Dersom du skal byte fastlege til eit anna legekontor, må du fylle ut fullmaktskjema som godkjenner at din journal vert overført til nytt legekontor. Fullmaktskjemaet for å byte fastlege til eit anna legekontor, finn du på helsenorge.no.
For papirutgåve trykker du på lenkja fullmaktsskjema for Helfoførespurnader. Fyll ut skjemaet og lever til ditt legekontor.