Hjelp til personar med demens

Dette er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. Ta kontakt med oss om du er bekymra for deg sjølv eller nokon i nær relasjon. Vårt mål er å gje auka kunnskap, skape ein trygg og føreseieleg kvardag for den demensråka og deira pårørande.

Kva kan du få hjelp til?  

  • Få råd og rettleiing i dagleglivet for deg og dine pårørande (til dømes behov for dagtilbod, støttekontakt)
  • Vi kan komme på heimebesøk for å kartlegg hjelpebehovet ditt
  • Etablere kontakt og samarbeide tverrfagleg med hjelpeapparatet (fastlege, heimetenesta, ergoterapeut, spesialisthelsetenesta)
  • Vurdere behov for tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi slik at du kan bu lengst mogleg i eigen heim

Kven er vi?

Ressursgruppe demens består av personar som jobbar innan helse og omsorg i kommunen. Vi har god erfaring med demens, og ynskjer å komme tidleg i kontakt med målgruppa.

Ta kontakt med oss dersom du er bekymra for deg sjølv eller nokon i nær relasjon. God oppfølging startar tidleg, nokre gongar før ein har fått avklart diagnosen.

Korleis etablere kontakt?

Kontaktpersonar er tilgjengelege på telefon måndag til fredag mellom kl 08.00 og 15.00.

  • Høyanger, Kyrkjebø og Nessane:  Telefon 992 19 354
  • Lavik, Vadheim og Sørsida: Telefon 992 19 324

Tiltakspakke demens

Tiltakspakke demens skal sikre at personar med demens og deira pårørande får systematisk oppfølging etter diagnosen. Tenesta inneber at personen med demens får tildelt ein primærkontakt som kjem på faste heimebesøk, for samtale med den demensråka og pårørande. Dette er ei teneste du må søke på, både demensteam, heimetenesta og fastlege kan hjelpe deg og søke.

Teknologiske hjelpemiddel

Som ein del av kartlegginga vil vi vurdere om teknologiske hjelpemiddel er aktuelt for deg. Elektroniske medisindispensarar, GPS og ulike typar alarmar er noko av det som kan vere aktuelt. 

Dagtilbod for heimebuande personar med demens

Høyanger kommune har tilbod om tilpassa dagtilbod til heimebuande personar med demens. 

Demensomsorg på institusjon: Skjerma einingar

Kommunen ønsker at du skal få bu heime så lenge det er fagleg forsvarleg. Om det er behov for opphald på institusjon har vi tilbod på Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim. Institusjonsplassane er tilpassa personar med demens. Du søker på standard søknadsskjema. 

Slik søker du 

Bruk felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om tilboda innan demensomsorg. 

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.
  • Dersom nokon hjelper deg å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende med søknaden. 

Søk om helse- og omsorgstenester - elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester - papirskjema

Send søknaden til:
Høyanger kommune
Tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger 

Nyttige nettsider om demens