PPT - pedagogisk psykologisk teneste

PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger og Solund.

Kva gjer PP-tenesta

PP-tenesta er sakkunnig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar. PP-tenesta skal bistå barnehagar i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlege behov.

PP-tenesta skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Les meir om PP-tenesta på Utdanningsdirektoratet sine sider.
 

Tilvisningsrutinar og samarbeid

Det er barnehagar og skular som er PPT sine primære samarbeidspartar. Andre kan tilvise til PPT, men i dei fleste tilfelle vil det likevel vere rett å kanalisere tilvisinga gjennom barnehagen eller skulen, slik at desse instansane får gjort utprøvingar og sett i verk tiltak. Dersom foreldre ønskjer å tilvise til PPT, kan dei gjerne ta kontakt med PPT i forkant av tilvisinga, men vi ønskjer at tilvisinga likevel går gjennom skulen eller barnehagen. Alle tilvisingar skal vere drøfta i forkant med barnehagen/skulen sin PPT – kontakt. Det skal nyttast tilvisingsskjemaet og pedagogisk rapport som ligg på nett. Det er viktig at  tilvisingsskjemaet og pedagogisk rapport blir fylt utnøyaktig med all den informasjon det vert bede om. Foreldre/føresette må skrive under. Eleven kan skrive under åleine frå fylte 15 år. Ufullstendige tilvisingar vert returnerte. Alle tilvisingar vert tatt opp i PPT sitt inntaksmøte. Her vert det avgjort kven som skal ha saka. Tilvisar og foreldre/føresette vil få melding om når dei kan forvente at arbeid i saka vert sett i gang. Vi har inntak fyrste måndag i månaden. Barnehage og skule har høve til å kontakte PPT utan at det føreligg formell tilvising på eit barn/ein elev.
 

Orientering til foreldre

Vi ønskjer at det frå barnehagane og skulane vert gjeve orientering til foreldra/føresette om at PP-tenesta er ein naturleg del av samarbeidet i barnehagen/skulen, og at tilsette frå PPT til dømes kan vere med inn i klassar eller vere med på klasselærarmøte utan at foreldra/føresette vert orienterte på førehand. Barnehagen/skulen kan finne orientering til foreldre på ulike språk på Utdanningsdirektoratet sine sider

Tilvisingsskjema
 

Skjema for tilvising, barnehage (PDF, 625 kB)


Tilvisingsskjema PPT, skule  (PDF, 760 kB)

Tilvisingsskjema PPT, systemsak (PDF, 306 kB)

 

Pedagogisk rapport barnehage og skule
 

Pedagogisk rapport, barnehage (PDF, 852 kB)

 

Pedagogisk rapport, skule (PDF, 858 kB)

 

 

Kontakt


PP-leiar:
Berit Louise Bjørnsen
Telefon: 952 55 939
E-post: berit.louise.bjornsen@fjaler.kommune.no
 

Postadresse:

PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord
 

Besøksadresse:
PP-tenesta finn du i 2. etasje på Fjalerhuset i Dale.