I Høyanger kommune har vi seks barnehagar. Vi har hovudopptak til barnehageplass ein gang i året. Du kan søke om plass heile året, og vil stå på søkarliste til du får tilbod om barnehageplass. Du kan sjølv endre eller slette søknaden.
Søk barnehageplass
Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november og det må vere søkt om barnehageplass innan 15. mars. Får barnet plass må de vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen.
Er de busett i annan kommune ta kontakt med heimkommunen din før du søker barnehageplass hos oss.
Søknadsfristen er 15. mars, og du søker elektronisk. Det er felles opptak for alle barnehagane. Hovudopptaket gjeld i hovudsak ledige plassar for barn som har rett til plass.
Treng du hjelp til å søke kontakt barnehagen eller oppvekstkontoret på telefon; 57711564.
Tilbod om barnehageplass blir sendt elektronisk innan utgangen av april. Har du registrert deg med Digipost, får du svaret der. Du må svare på tilbodet på same sida som der du søkte om barnehageplass.
Dei fleste barn vert prioritert etter alder. Barn som får plass blir prioritert i same barnehage som søsken. Desse har prioritet ved opptak til barnehageplass:
- barn med nedsett funksjonevne
- barn som er omfatta av § 4-4 2. og 4. ledd og § 4-12 i barnevernlova
- barn med særleg behov for barnehageplass grunna sosiale, helsemessige eller andre spesielle
forhold i heimen
- barn frå flyktningfamiliar og barn frå familiar der begge foreldra er framandspråklege/tospråklege
- barn som har plass i barnehage og ønskjer å endre opphaldstid
- barn som skal begynne på skule innan eitt år
- barn som flyttar frå ein krins til ein annan krins innan kommunen
Ved søknad om opptak etter prioritet skal det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans, til dømes barnevern, helsestasjon, lege, PPT. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg behov for barnehageplass.
Vedlegg til søknad må sendast innan søknadsdato til:
Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger
Ved hovudopptaket kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til Høyanger kommune v/ oppvekst, postboks 159, 6991 Høyanger
Det er ein månad oppseiingstid. Seier du opp etter 1. mai, må du likevel betale ut barnehageåret. Du treng ikkje seie opp plassen det året barnet skal starte på skulen.
Ta kontakt med barnehagen om du vi seie opp plassen.
Du seier opp plassen her
Publisert 14.03.2022 13.57
Sist endra 03.12.2024 11.29