Kommunen er lokal barnehagemynde og skal sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverket i barnehagelova. Barnehagelova gjeld for alle barnehageeigarar, både kommunale og private.
Barnehagemynde har tre verkemidlar til disposisjon; rettleiing, tilsyn og godkjenning.
Å sikre at regelverk blir fulgt inneber både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruke verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i samsvar med regelverket.
I Høyanger kommune har vi kun kommunale barnehagar.
For å sikre rettstryggleiken til barnehageeigar og sikre legitimiteten av arbeidet, er kommunen si eigarrolle i barnehagesektoren skilt frå myndigheitsrolla. Eigarrolla er lagt til Kommunalsjef oppvekst og barnehagemynde er lagt til stilling utanfor Tenesteområde oppvekst.
Barnehagemynde kan gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve ved godkjende, eller godkjenningspliktige verksemder. Avgjerda om å gje pålegg om retting av uforsvarlege tilhøve skal fungere som ein tryggleik. Samt fange opp tilhøve som ikkje er direkte regulert i barnehagelova, men som kan føre til uforsvarlege tilhøve for barna sin trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane.
Lov og regelverk
Les meir om kommunen si rolle som barnehagemyndigheit:
Kommunen si rolle som barnehagemyndigheit (udir.no)
Lov om barnehager (barnehageloven)