Vaksenopplæring

Norsksenteret har ansvar for å gi tilbod om vaksenopplæring. Senteret kan tilby opplæring på ulike nivå, samt ulike tilbod om undervisning.

Norsksenteret held til i lokale ved Høyanger skule.

Arbeidsinnvandrarar må betale for undervisninga, gjeldande sats kr. 50 pr time.

Opptak av nye elevar

Vi tar inn nye elevar etter sommarferien og etter nyttår, men i nokre tilfelle kan det vere mogeleg å starte opplæring på anna tidspunkt. Ta kontakt med oss for nærare informasjon.

Norsksenteret har tilbod om:

 

Opplæring til vaksne elevar med spesielle behov

Vaksne elevar med spesielle behov som treng spesialpedagogisk- og tilrettelagt hjelp innan opplæring, utvikling og vedlikehald av grunnleggande ferdigheiter. Tilbod blir gitt på bakgrunn av søknad og evt. tilråding frå PPT. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar for norsksenteret tlf. 57 71 00 09 eller 99 21 93 58.
 

Norskopplæring til vaksne innvandrarar

Elevane er arbeidsinnvandrarar, asylsøkjarar og familiesameinte.

Søknadsskjema, norsk/samfunnsfag 600 timar

Søknadsskjema, behovsprøvd norskopplæring 

Søknadsskjema, betalingselev

 

Grunnskule for vaksne

Tilbod til vaksne som ikkje har fullført norsk grunnskule.

Søknadsskjema grunnskule 

Morten Torvund
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 57 71 00 09
Mobil 99 21 93 58