Skulehelsetenesta arbeider for å fremme barn si utvikling, trivsel og meistring, både på individ og universelt nivå. Har barnet utfordringar med fysisk, psykisk eller sosial helse kan ein ta kontakt med skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta kan bidra med individuelle samtalar, etablere tverrfagleg samarbeid og foreldrerettleiing.
Aktuelle utfordringar for barnet kan vere til dømes vanskeleg familiesituasjon, opplevd belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring.
Vi tilbyr syn og hørseltest ved behov. Alle som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt.
Skulehelsetenesta i Høyanger
Faste tilbod frå skulehelsetenesta
2. klasse:
Vaksinasjon: difteri, stivkrampe, kikhoste og polio.
3. klasse:
Vekt og høgdemåling.
Samtale og helseundersøking hos helsesjukepleiar.
5. klasse:
Undervisning: pubertet.
6. klasse:
Vaksinasjon: meslingar, kusma og røde hundar (MMR-vaksine).
7. klasse:
Vaksinasjon: humant paillomavirus (HPV) - vaksine 2 doser.
8. klasse:
Individuelle samtaler med helsesjukepleiar.
Vekt og høgdemåling.
9. klasse:
Undervisning: samliv
10. klasse:
Vaksinasjon: difteri, stivkrampe, kikhoste og polio-vaksine.
Undervisning: seksualitet.
Les meir om barnevaksinasjonsprogrammet på Folkehelseinstituttet sine nettsider
Skulehelstetenesta deltek i undervisning om ulike helsetema både i klassar og i elevgrupper etter avtale med skulen. Dersom det er ønskjeleg med deltaking i foreldremøte, kan det ordnast etter avtale med skule/foreldreråd/klassekontakt.
Vidaregåande skule
Helsesjukepleiar har kontortid på Høyanger vidaregåande skule. Du kan komme til oss for å snakke om personlege problem og utfordringar i kvardagen. Vi tilbyr undervisning innen psykisk helse og trygg russetid. Russen får tilbud om vaksine mot hjernehinnebetennelse. Du kan få gratis kondomer og prevensjonsrettleiing hjå helsesjukepleiar.
I tillegg kan elevar bruke tilbodet Helsestasjon for ungdom.
Kva kostar det?
Tilbod frå skulehelsetenesta er gratis.