Born under 10 år kan kun bade i lag med badande vaksen og skal vere under oppsyn av nemnde person. Vi tilrår også bruk av armringar som ekstra tryggleiksutstyr til dei som ikkje kan symje.
- Det er ikkje lov å springe i badet.
- Stuping og hopping frå langsidene og på grunt vatn er forbode.
- Skubbing av andre og leikeslåsting på land er forbode.
- Ikkje tillete å nyte mat og drikke i vatnet.
- Gå ikkje med sko i garderoben.
- Personar med smittsame hudsjukdomar skal ikkje bade.
- Fjern bandasjar og plaster før du går inn i badet.
- Ta med såpe og handduk til dusjrom.
- Alle SKAL dusje og vaske seg med såpe utan badetøy før ein går i bassenga. Viktig at håret vaskast før ein badar. Påbode med hette dersom håret ikkje blir vaska. Tørk deg i dusjrom før du går tilbake i garderoben.
- Ta godt vare på nøkkelen. Høyangerbadet tek ikkje ansvar for dine eigendelar. Sørg for å få med deg alle eigendelane heim.
Vis omsyn til andre og ha det moro!
- Berre ein om gongen på stupebretta.
- Stup rett fram, og sjå til at ingen sym under stupebrettet og kan bli treft av deg.
- Det er ikkje lov å henge under stupebrettet.
- Køyr kun ved grønt lys.
- Kun ein om gongen i sklia.
I tillegg til badevakter er det montert automatisk overvakingssystem i bassenga i Høyangerbadet. Både over og under vatn.
Publisert 23.01.2023 13.16
Sist endra 24.01.2023 10.24